Hjort påkøyrd i Alverstraumen

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Klokka 00.30, onsdag kveld fekk politiet melding om påkøyrsel av hjort i på Remme i Alverstraumen, Lindås kommune.

– Politiet fekk melding om at hjorten vart liggjande i vegen og sprella, seier politioverbetjent ved Nordhordland lensmannskontor, Glenn Ulrik Våge, til avisa Nordhordland.

Viltnemnda rykka ut til staden og avliva det skadde dyret.

Politiet har ikkje fått melding om at det vart skader på bilen eller sjåføren.

Våge ber folk om å køyre aktsamt.

– No er det mørkt store deler av døgnet, og det kan vera vanskeleg å sjå hjorten før den plutseleg kjem i vegbana.

– Køyr aktsamt og med omsyn spesielt i område det ferdast mykje hjort, rår Våge.


Artikkeltags