Gå til sidens hovedinnhold

Oscar (8 mnd) frå Alversund kan verta kasta ut av Noreg

Artikkelen er over 5 år gammel

Den vesle guten er statslaus. Norske myndigheiter nådelause.

Det er TV 2 som laurdag kveld sende ein reportasje om kva norske myndigheiter vil gjera med Oscar frå Alversund.

Det er ei svært komplisert historie som TV 2 har nøsta opp. Men Alversund-kvinna Frid Anette Amundsen og mannen Johnny frå Danmark har i fleire år forsøkt å verta foreldre utan å lukkast. Difor gjekk ho til det steget å nytta ei surrogatmor frå Ukraina.

Det normale etter ein surrogat-fødsel er at utanlandske sjukehus skriv ut ein fødselsattest der paret som skal overta surrogatbarnet oppgis som biologiske foreldre. Det ville ikkje det ukrainske sjukehuset i dette tilfellet.

Det har ført til at den vesle guten no er statslaus. Som TV 2 skriv:

*Oskar er ikkje norsk fordi det ikkje var ein norsk statsborgar som fødte ham.

*Oskars juridiske far er Frids ektemann. Men som dansk statsborgar kan Johnny ikkje krevje at Oskar blir norsk statsborgar.

*Oskar kan heller ikkje bli dansk statsborgar fordi lovverket i Danmark heller ikkje opnar for dette.

*Oskar kan ikkje bli ukrainsk statsborgar fordi surrogatmora har sagt frå seg alle rettar.

UDI har vurdert saka, og skriv i ein mail til TV 2 at dei også har vurdert barnets beste. Men vil berre gje Oscar opphald i Noreg fram til september. Deretter må han ut. Med mindre lova vert endra, eller skjønn.

Avisa Nordhordland har vore i kontakt med Amundsen, men ho seier ho treng nokre dagar med ro etter alt som har vore dei siste dagane.

Under kan du sjå TV 2 sin reportasje frå møtet med Frid Anette Amundsen.

 

Kommentarer til denne saken