Alversund kammerkor klar for 30-årsjubileum: Tjuvstartar feiringa med mektig korverk

I 2020 feirar Alversund kammerkor 30 år. Førstkomande søndag byrjar koret feiringa med å invitera til  konsert i Knarvik kyrkje med mektige «Messias» av Händel. I år er koret det einaste i bergensregionen som framfører dette flotte verket. Med seg har kammerkoret også det nystarta koret 20 STEMMER og dyktige solistar og orkester.