Vil du vinne ein månad gratis avisabonnement og gratis påmelding til KnarvikMila? Sjå her!

Eksempel på ein stolpe.

Eksempel på ein stolpe. Foto:

Slik deltar du i konkurransen!

DEL

Stolpejakta Alver har vore ein suksess. Til no er det registrert 4528 stolpejegerar som har besøkt over 53.000 stolpar!

No arrangerer Stolpejakten Alver og Avisa Nordhordland ein konkurranse kor du kan vinne ein månad gratis avisabonnement og gratis påmelding med valfri distanse på KnarvikMila som vert arrangert 30. august-1. september.

For å delta må du gjere følgande:

Del ditt beste stolpejakta-bilde med #avisanh og #stolpejaktenalver på Instagram. Du kan også sende oss bilde som melding på vår Facebook-side. Du vert då automatisk med i trekninga.

Me trekkjer ein vinnar kvar veke som vert annonsert på avisa si nettside kvar søndag.

Første vinnar vert trekt søndag 14. juli og siste vert annonsert 25. august.

Kva ventar du på? Kom deg ut og jakt stolpar!


Artikkeltags