Alver sender ut kokevarsel etter vassprøve

Kokevarsel i fleire område tysdag ettermiddag.

DEL

- Bur du i området Austmarka, Sæbø, Olsvollstranda, Storheim og Kallneset må du koke drikkevatnet.

Det skriv Alver kommune på si heimeside.

Kokevarsel er sendt ut etter funn av høge prøveverdiar i høgdebassenget på Olsvoll.

Kommunen opplyser om at tiltak er sett i verk og nye prøver er tekne.

– Kokevarslet vil vare fram til vi har fått tilfredsstillande prøvesvar.

Artikkeltags