Alver-ordførar Sara Sekkingstad i karantene etter Danmarks-tur

Alver-ordførar Sara Hamre Sekkingstad (Sp) er i karantene etter ei Danmarks-reise.

DEL

På Alver kommune si offisielle facebookside skriv Senterparti-ordføraren om sine eigne trivselsreglar i karantene-tida.

– Eg føler meg heilt frisk, men er i 14 dagar karantene etter heimkomst søndag 8. mars, seier Sekkingstad.

Sara sit i karantene etter at ho var på Danmarkstur, og ordføraren jobbar no frå sitt midlertidige heimekontor.

– No er det viktig at alle gjer sitt for å unngå at smitta spreier seg raskare. Om alle følgjer reglane, kan vi komme raskare tilbake til ein normal kvardag. Hald hovudet kaldt og hjartet varmt, er Alver-ordføraren si oppfordring frå heimekontoret.

I tillegg kjem Sara med tips til aktivitetar, som lese bok, strikke, bake, spele spel, rydde loftet, pusle, pusse opp, teikne.

Hennar klare råd er å halde seg heime mest mogleg, sjølv om du ikkje sit i karantene.

– Ikkje gå på butikken om du ikkje må, og ikkje gå på besøk til kvarandre. Ta heller opp telefonen og ring? Myndigheitene kjem med nye oppdateringar kvar dag. Hald deg oppdatert, oppfordrar ho.

I eit tidlegare innlegg på Facebook takkar ordføraren for at innbyggarane i Alver er med på dugnaden!

– Hjelp kvarandre! Ring gjerne ein nabo du veit er åleine. Saman er vi sterke! seier skriv ho.

Her er nokre av Sara sine trivselsreglar i heimekontor og karantene:

- Vekkerklokke 06.45

- Lunsjepause max 30 minutt

- Hugs å ta små pausar

- Tøy og bøy. Ta ein spasertur (rundt i huset) når det er nødvendig

- Ruller på kontorpalss om mogleg

- Følg vanleg arbeidstid

Når du ikkje jobbar:

- 2-3 treningsøkter i veka (online trening – eller ute der det ikkje fartar folk)

- Ha gode mellommåltid – sunne alternativ

- Lag middag kvar dag – laga vekeplan

- Hugs å ringe venner, naboar og familie

- Legg til rette for åleinetid kvar dag.

Artikkeltags