Alver-ordførar med bøn til helsefagleg personell: – Vi treng deg

Ordførar Sara Hamre Sekkingstad oppfordrar helsefagleg personell til å melde seg.

Ordførar Sara Hamre Sekkingstad oppfordrar helsefagleg personell til å melde seg. Foto:

Av

– Kapasiteten er pressa i helsevesenet vårt. Vi brukar mykje ressursar på korona-tiltak.

DEL

– No vil eg oppfordre personar med helsefagleg kompetanse, som ikkje allereie er i aktiv teneste om å melde seg til innsats, seier Alver-ordførar Sara Hamre Sekkingstad.

I likskap med fleire andre kommunar ber Alver kommune no om hjelp frå personar med helsefagleg kompetanse

Bli med og bidra

Foreløpig søkjer Alver kommune personar som har utdanning innan helsefag. Kanskje arbeider du med andre oppgåver i dag, og har moglegheit til å hjelpe Alver-samfunnet i denne ekstraordinære situasjonen.

– Vi er svært takknemlege for alle som ønskjer å bidra. Den dugnadsånda som folk no viser er heilt spesiell. Eg er stolt over å vere alverbu, og håpar at du med helsefagleg utdanning no kan hjelpe oss, seier Sekkingstad.

Slik kan du melde deg

Alver kommune vil fortløpande kontakte og gjere avtale med aktuelle personar som har registrert seg, og arbeidet blir lønna etter gjeldande regelverk.

Her kan du registrere deg.

Spørsmål? Ta kontakt med HR-leiar Kathrine Martinsen, kathrine.martinsen@alver.kommune.no, 402 39 734 og fagansvarleg på HR-avdelinga Helge Tangen, helge.erik.tangen@alver.kommune.no, 945 03 156.

Haukeland universitetssjukehus og Haraldsplass diakonale sjukehus oppfordrar òg folk med helsefagleg bakgrunn til å hjelpe.

Her kan du melde deg til å hjelpe ved sjukehusa.

Artikkeltags