Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Alver kommune vert ein stor landbrukskommune, ja faktisk den nest største i Vestland fylke når det gjeld areal. Vi har mange flotte og dyktige bønder som står på både seint og tidleg, og ofte i kombinasjon med arbeid utanfor garden i tillegg. Heile 458 gardsbruk er i aktiv drift, og har ein eller fleire produksjonar innan landbruket. Utanom ein betydeleg matproduksjon, steller også bøndene kulturlandskapet, og skaper i tillegg arbeidsplassar i andre næringar.
Krf ynskjer eit livskraftig landbruk, og vil være ein aktiv støttespelar og lytte aktivt til næringa i aktuelle saker. Me ynskjer fortgang i arbeidet med å utarbeide ein ny strategisk landbruksplan for heile Alver kommune. Den skal være eit viktig styringsverktøy for kommunen i arealsaker. Me vil arbeide aktivt for å redusere nedbygging av dyrka mark til eit minium. Overskotsmasser bør så langt som mulig nyttast til framtidig matproduksjon.

No er valkampen offisielt i gang
Krf ynskjer eit kompetent og velfungderande landbrukskontor. Dei 3 ulike kontora me har i dag skal snart bli til eit felles. Me vil arbeide for at landbruksforvaltninga får tilført tilstrekkeleg med ressursar slik at dei kan få rettleie og fylgje opp bøndene på ein god måte. Me ynskjer i tillegg at det vert etablert eit landbruksfagråd der kommunen er aktiv deltakar.
Krf vil slå ring rundt veterinærvaktordninga og vidareføre den i Alver kommune. Den er viktig for å sikre god dyrevelferd.
Krf er kjend med at mange i næringa står framfor store investeringar i åra som kjem. Krf ynskjer å støtte og oppmuntre dei som vil satse på framtidig matproduksjon eller anna næringsverksemd i tilknytning til garden. Krf ynskjer i denne samanheng å vidareutvikla og bruke næringsfondet aktivt.

Usikker på kor og når du kan røyste? Sjå oversikt her!