Tanja Hoel vert nærings og utviklingssjef i Alver kommune

Tanja Hoel er tilsett som nærings og utviklingssjef i Alver kommune.

Tanja Hoel er tilsett som nærings og utviklingssjef i Alver kommune. Foto:

DEL

– Dette blir spennande. Eg brenn for innovasjon og entreprenørskap og ser fram til å bruka kompetanse min, nettverket mitt og erfaringa mi til å utvikla eit attraktivt næringsliv som tenkjer nytt og skapar arbeidsplassar.

Det seier Tanja Hoel i ei pressemelding frå Lindås kommune.

Hoel er nemleg tilsett som leiar for næring og utvikling i nye Alver kommune. Hoel går over til byråkratiet etter sju år som leiar av The Seafood Innovation Cluster. I 2015 fekk klynga status som Norwegian Centre of Expertice (NCE) for å styrke langsiktig industrielt samarbeid for innovasjon og berekraftig vekst.

Stillinga vert lagt innunder Hogne Haugsdal som har fått hovudansvaret for samfunnsutvikling i nye Alver kommune. Det kom inn totalt 14 søkarar til denne stillinga. Hoel var blant dei kandidatane som var tatt unna offentlegheita.

Haugsdal er naturlegvis glad for å ha tilsett Hoel i stillinga, går det fram av pressemeldinga.

– Ho har vist imponerande resultat i samarbeid med næringslivet, og har erfaring og nettverk som kan bidra til å skape nye moglegheiter i Alver kommune, seier Hogne Haugsdal i pressemeldinga.

Hogne Haugsdal er nøgd med å ha tilsett Tanja Hoel.

Hogne Haugsdal er nøgd med å ha tilsett Tanja Hoel. Foto:

Stillinga er nyoppretta i Alver kommune, men er ei vidareutvikling av næringssjefstillinga som Øystein Sørhaug har hatt, men som han slutta i før sommaren.

Hoel seier ho vil engasjere næringsliv, forskings- og utdanningsmiljø, organisasjonar og innbyggjarar til eit samarbeid om utvikling.

– Vi må løfte fram konkurransefortrinna våre, og sjå på kva vi kan vidareutvikle og kor vi kan skape vekst, seier ho.

Hoel tek til i stillinga 1. februar 2019. I løpet av 2019 skal ho følge opp nærings- og utviklingsretta aktivitetar for Lindås. Ho skal også bidra til planlegging og bygging av Alver kommune, og bygge opp og utvikle tenesteområdet næring og utvikling. Frå 1. januar 2020 blir Hoel formelt tilsett som tenesteleiar for næring og utvikling i Alver kommune.

Artikkeltags