Kommunevåpenet til nye Alver kommune er klart

BRU OG BÅT: Dette vert kommunevåpenet til nye Alver kommune.

BRU OG BÅT: Dette vert kommunevåpenet til nye Alver kommune. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

– Dette kommunevåpenet har ein sterk symbolverdi for Alver.

DEL

Det meiner Nils Marton Aadland om utvalsprosessen for det nye kommunevåpenet, som er prega av kystkulturen.

Det skriv Alver kommune på sine nettsider.

Brua bringer Radøy, Meland og Lindås saman. Fjordane, med båt som ferdselsmiddel, har historisk tilknyting til alle dei tre kommunane. Det blir ein blå bakgrunn, der brua og båten er sølvfarga.

Det betyr at elementa messinginstrument og stein/varde har vorte vraka sidan førre gong tematikken vart omtala.

Arbeidet med nytt kommunevåpen er ikkje heilt i mål endå. Små endringar kan bli gjort i designet, før det endelege kommunevåpenet blir vedteke i oktober.

Over 270 bidrag blei sendt inn då Alver først spurde innbyggarane om forslag og i designkonkurransen etterpå var det sju grafikarar med. Vinnaren av designkonkurransen får 50 000 kroner. Endeleg vedtak vert gjort i fellesnemnda 1. oktober.

Artikkeltags