Vil ha pendlar-svar

Trafikkert: Hagelsundbrua på E39 mellom Lindås og Meland er sterkt trafikkert, og ein stad pendlarar ofte må smørje seg med tålmodigheit

Trafikkert: Hagelsundbrua på E39 mellom Lindås og Meland er sterkt trafikkert, og ein stad pendlarar ofte må smørje seg med tålmodigheit Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Ei SMS-undersøking til pendlarar i samanslåingskommunane Lindås, Meland og Radøy er no på veg ut.

DEL

Fellesnemnda til nye Alver kommune har nyleg fått gjennomført ei pendlaranalyse der Hordaland fylkeskommune har samla inn og analysert data om pendlarane i dei tre kommunane.

Det melder einkommune.no, nettstaden til den framtidige samanslåingskommunen.

– Vi ville få kunnskap om pendlarane; kven er dei, kvifor pendlar dei, og kunne dei tenkt seg å slutta med det, seier Lasse Kolbjørn Anke Hansen, spesialrådgjevar for regionalavdelinga i Hordaland fylkeskommune.

Mange spørsmål

Det viser seg at 1836 personar pendlar mellom Lindås, Meland og Radøy.

Heile 5781 personar pendlar ut, og 2590 inn i framtidas Alver kommune. Men kven er dei, og kvifor pendlar dei?

No ønskjer politikarane i fellesmneda å få pendlarane sjølve «i tale». Det skal foregå gjennom ei SMS-undersøking, opplyser einkommune.no.

Fakta

Pendling i Nordhordland

* 1836 personar pendlar mellom Lindås, Meland og Radøy.

* 5781 personar pendlar ut, 2590 pendlar inn i framtidas Alver kommune.

* Langt fleire menn enn kvinner er pendlarar.

* Meland har størst utpending, berre 30 prosent jobbar i kommunen.

* Lindås mottar mest av innpendlinga med 70 prosent.

Kjelde: www.einkommune.no/Statistikk i vest

– Vi ønskjer svar på kvifor dei pendlar, kva dei jobbar med, kva transportmiddel dei brukar og kva utfordring pendlinga medfører. Vi vil også ha tilbakemelding med forslag til forbetring, seier spesialrådgjevaren til nettstaden.

Ber om å få resultata

– Her fortel fellesnemnda tydeleg at vi skal bygga noko nytt, og vil vita kva innbyggarane våre tenkjer. Denne undersøkinga og svara vert også eit godt grunnlagsdokument for det nye kommunestyret, seier Astrid Aarhus Byrknes (KrF), Lindås-ordførar og medlem i fellesnemnda.

Øyvind Bratshaug (Frp) synest undersøkinga er svært spennande og bed ifølge einkommune.no om at fellesnemnda får presentert resultatet av spørjeundersøkinga.

Artikkeltags