For fyste gong arrangerast "kunstrunde" i påska: – Eit turtips til dei som ferierer i låglandet

Fleire kunstlag og ulike aktørar tilbyr ei samla utstilling i nye Alver.

DEL

10 utstillingsstader i nye Alver kommune i Nordhordland viser i påska kunst og kunsthandverk av både lokale og innbodne utøvarar.

– Her kan ein i løpet av tre dagar besøkja sjarmerande kunstgallerier i vakker natur og små atelier der ein får anledning til å sjå korleis ting vert skapt, seier Gro Fyllingsnes, innehavar av Galleri Gamleskulen.

Dette er fyrste kunstrunde i påska i Nordhordland.

– Eit turtips til dei som ferierer i låglandet, seier Fyllingsnes.

Sveisa saman kommunar

Kunstrunden er ein del av Alver kommune sitt kulturprogram, der ein har som målsetting å sveisa tre kommunar saman gjennom kultursamarbeid.

– På Facebook-sida «Kunstrunden Alver» kan ein lesa meir om stasjonane og kunstrunden, sluttar Fyllingsnes.

Kunstrunden Alver 2019: fredag 19. april 2019, laurdag 20. april og søndag 21. april.
 

Kunst: Dette maleri er av Elna Bauge. 10 utstillingsstader i nye Alver kommune i Nordhordland viser i påska kunst og kunsthandtverk av både lokale og innbedne utøvarar.

Kunst: Dette maleri er av Elna Bauge. 10 utstillingsstader i nye Alver kommune i Nordhordland viser i påska kunst og kunsthandtverk av både lokale og innbedne utøvarar.

Artikkeltags