Alver kommune: Sender ut korona-informasjon til føresette i barnehagar og skular

Dei melder at det er svært viktig at alle bidrar til å redusere smitte.

DEL

Måndag publiserte Alver kommune eit informasjonsskriv på sin nettside.

– Dette kan du gjere for å redusere risikoen for å bli smitta eller spreie smitte, skriv dei innleiingsvis.

Årsaka til at kommunen har valt å sende ut informasjonsskrivet no, er for å oppmode folk til å bidra til redusert smitte. Dei understrekar at svært få blir alvorleg sjuke som følge av koronaviruset, men at eldre og kronisk sjuke er sårbare.

Informasjonen skal vere sendt ut til føresette og tilsette i alle barnehagar i Alver kommune.

Slik kan du redusere risikoen for smitte

Skrivet er signert av Terese Folgerø, kommuneoverlege og smittevernoverlege i Alver kommune.

Ho kjem med følgande råd:

  • Vask henda grundig og ofte, spesielt når du er på stader med mange menneske og før måltid. Vask med vatn og såpe eller handdesinfeksjon med sprit.
  • Unngå å ta deg til munn, nase, auge med uvaska hender når du er ute blant folk. Hugs at mobiltelefonen også kan vere ei kjelde til smitte.
  • Vi oppmodar alle som går ut og inn av barnehagar og skular om å vaske hendene eller bruke handdesinfeksjon med sprit.

Vidare står det i skrivet at om ein har vore på ferie i område der viruset er utbreidd, bør ein følge med på symptom i 14 dagar etterpå.

– Ta kontakt med fastlege eller legevakt på telefon 116 117 om du oppdagar symptom. Symptom på sjukdommen er lik som andre luftvegsinfeksjonar; feber, hoste, brystsmerter og pustevanskar.

Kva gjer du om du vert sjuk?

  • Om du har fått luftvegsinfeksjon og kan ha vore i kontakt med koronasmitte, må du ta kontakt med fastlege eller legevakt på telefon 116 117 og avtale oppfølging. Det er viktig at du ringer først. Lurar du på kva det vil seie å «vere i kontakt med koronasmitte»? Les meir på nettsida til Folkehelseinstituttet.
  • Dersom du er sjuk, gjeld vanlege reglar. Ver heime frå jobb, studiar og liknande dersom du er sjuk. Sjuke barn skal vere heime frå skule eller barnehage.
  • Bruk eingongs papirlommetørkle framfor munnen for å beskytte andre når du hostar eller nys. Kast papirhandkle etter bruk og vask henda. Host eller nys i olbogen om du ikkje har papirhandkle tilgjengeleg.

Fakta om koronavirus

  • Vi antar at smittemåten er dråpe eller kontaktsmitte.
  • Dei fleste som vert smitta får truleg luftvegssymptom som vil gå over av seg sjølv, medan nokon får alvorlegare sjukdom med mellom anna lungebetennelse.
  • Det finst enno ingen legemiddel eller vaksine mot det nye koronaviruset.
  • Det kjem stadig ny informasjon om koronavirus. Du kan halde deg oppdatert påwww.fhi.no.

Informasjonstelefonen for koronavirus er 815 55 015.

Artikkeltags