Alver kommune melder om person smitta av koronaviruset

Terese Folgerø er kommuneoverlege i Alver.

Terese Folgerø er kommuneoverlege i Alver. Foto:

Koronasenteret har avslutta smittesporing.

DEL

Ein person i Alver kommune har testa positivt for Covid-19. Det melder Alver kommune i ei pressemelding måndag. Tilfellet vart registrert laurdag 12. september.

Koronasenteret har avslutta smittesporinga, men veit ikkje kor smitten kjem ifrå, blir det opplyst.

– Dette er ei påminning til oss alle om å vere nøye med å følgje smittevernreglane. Vi må halde fram med det gode arbeidet vi starta på i vår. Handhygiene og avstand er framleis like viktig, seier Terese Folgerø, kommuneoverlege og smittevernoverlege i Alver kommune.

Vikaren er koronafast – Står utan lege i to veker

Artikkeltags