Alver kommune med fleire tiltak mot smitte

Søndag kveld offentleggjorde kommuneoverlegen yttarlegare tiltak for å avgrense smitta i kommunen.

DEL

Kommuneoverlege i Alver, Terese Folgerø, publiserte søndag kveld eit offentleg brev på Alver kommune sine nettsider. Her forklarar ho korleis ho ser alvorleg på korona-situasjonen i landet. Med ei medisinsk-fagleg grunngjeving er det no vedtatt fleire reglar for å hindre vidare smitte.

"Tiltaket er naudsynt av omsyn til smittevernet og for å oppretthaldetilstrekkeleg smittvernkapasitet i kommunar og i helse- og omsorgstenesta.Kommunelegen vurdere at den samfunnsmessige nytten ved smitteverntiltaka er viktigare enn eventuell belastning og ulempe for dei tiltaket gjeld. Frivilligmedverknad er vektlagt i vurderinga", står det i brevet.

No gjer kommunen følgande tiltak:

Tiltak nummer 1

Frå 15.03.2020 og i to veker er det krav til kjøpesentre, daglegvarebutikkar, kioskar og anna detaljvarehandel om å

A) leggje til rette for 1 meters avstand mellom menneske i alle lokale med varehandel, og tilhøyrande lokale.

B) ha tilstrekkelege smittevernrutinar for felles berøringspunkt somhandlevogner, handlekurver, betalingsterminalar, handtak osb. Butikkeigarar og kjøpesenter-eigarar er med dette pålagd å ha rutinar for hyppig reingjering, samt å ha tilgjengeleg handsprit og liknande.

C) Salatbarar, opne godterihyller der kundar sjølv forsyner seg av godteri utan innpakning, og liknande, skal stengast.

Tiltak nummer 2

I tråd med vedtaket i formannskapet 12.03.2020 skal DNT si hytte «Kalvedalshytta», vere stengd frå 15.03.2020.

Tiltak nummer 3

Formannskapet i Alver kommune vedtok 12. 03.2020 følgjande med heimel i smittevernloven § 4-1:

A) Ingen skal gjennomføre arrangement og samankomstar – inntil vidare. Dette gjeld både private og kommunale arrangørar.

B) Lag og organisasjonar skal ikkje gjennomføre treningar og andre faste aktivitetar.

C) Kommunen stoppar utleige av alle kommunale bygg og eigedomar og stenger idrettshallar og svømmehallar. Kommunen avlyser i tillegg alle arrangement, allaktivitet og opplæring i regi av kulturskulen og stenger dei kommunale ungdomsklubbane.

D) Besøk til personar på institusjonar, bufellesskap, omsorgsbustader og andre institusjonar blir avgrensa til det som er heilt nødvendig. Alle som kjem på besøk skal følgje gjeldande besøks- og hygienereglar på staden.

Brevet i sin heilskap kan du lese her.

Artikkeltags