Gå til sidens hovedinnhold

Alver kommune må gjera det enklare for lokale leverandørar

Artikkelen er over 1 år gammel

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Høgre vil gjera det enklare for små lokale bedrifter å kunna delta i anbodsprosessar og levera tenester til Alver kommune.

Mange lokale bedrifter har lenge etterlyst lettare tilgang til offentlege kontraktar, men kompliserte og ofte svært ressurskrevjande anbodsprosessar gjer at mange små trekkjer seg. Det har vi dessverre sett fleire døme på, også i Alver.

Les også

Elleve parti skal kjempa om stemmene i Alver denne hausten

 

Alver kommune vil kjøpa varer, tenester og utstyr for mange titals millionar kroner kvart år. Høgre vil bruka innkjøpsmakta for å leggja til rette for at små og mellomstore lokale bedrifter kan levera til kommunen.

I dag er det ofte enklast for dei store leverandørane å delta i anbodsprosessane. Det skuldast mellom anna at vi ikkje nyttar det handlingsrommet vi har for å handla lokalt.

Vi er heilt avhengig av at bedriftene i kommunen vår får fleire nye arbeidsplassar i åra som kjem. Det offentlege bør bruka innkjøpsmakta si til å skape fleire jobbar.

Les også

Lokalpolitikarar ber rikspolitikarar vere betre rollemodellar i kampen mot hat og netthets

 


Vi vet at det for mindre verksemder kan opplevast tungt å levera tilbod til det offentlege. Difor vil Alver Høgre jobba aktivt for at fleire lokale små og mellomstore bedrifter skal få kommunen som kunde.
Høgre vil at kommunen går i dialog med det lokale næringslivet for å finna ut kva hindringar dei opplever når dei prøver å levera produkt eller tenester til kommunen.

Små og mellomstore bedrifter kjenner ikkje alltid kommunen sine spesielle prosedyrar og er kanskje usikre på kvar dei skal begynne. Difor er god dialog første steg i arbeidet med å få fleire lokale leverandørar til kommunen.


Les også

«Me hadde ikkje gjort eit spesielt godt val. Men eg hugsar på valkvelden fekk eg ein telefon frå Kåre Gaulen som sa at «No kan du gå og legga deg som ordførar». Eg fekk jo heilt sjokk»

Kommentarer til denne saken