– Alle som er fødde i 2004 og 2005 får no tilbod om koronavaksine, fortel ordførar i Alver kommune, Sara Hamre Sekkingstad i ei pressemelding.
Dette gjeld både dei som bur og dei som går på skule i Alver. Vaksineringa vil gå føre seg i Nordhordlandshallen.
Ordføraren forklarer at ungdomane vil få beskjed om vaksineringa gjennom sine skular.
– Det vil seie at ein 17-åring som bur i Bergen og går på skule i Knarvik får tilbod om vaksinasjon i Alver, seier ho.
Om ein bur i Alver, men går på skule i Bergen, kan ein kontakte koronasenteret på 56375900 for få avtale vaksinetime.
Krev samtykke for dei under 16
Dei som er fødde i 2005, men som enno ikkje har fylt 16, treng samtykke frå begge foreldre på vaksinasjonsdagen.
Er ein allereie fylt 16, treng ein ikkje noko samtykke frå foreldre.
– Vaksinering er frivillig, men vi oppfordrar alle ungdommar å følge råda frå helsemyndigheitene og nå nytte sjansen til å beskytte seg sjølv og dei rundt seg mot alvorleg sjukdom, seier Sekkingstad.

Skal vere ferdige med vaksineringa neste månad
