– Det er veldig kjekt å høyre at vi gjer det så bra. Målet vårt er å vere ein attraktiv kommune.

Det seier Malin Andvik (KrF), som er leiar for areal, plan og miljø i Alver kommune.

Norske Boligbyggelags Landsforbund (NBBL) har rangert 119 norske kommunar etter kor gode dei er til å fremje bustadbygging.

«Bustadvennlegheitskåringa» er basert på dei to temaindeksane «tilrettelegging» og «bustadbygging», der førstnemnde handlar om korleis kommunane legg til rette for at det kan bli bygd bustader, medan sistnemnde handlar om at bustadane faktisk vert bygde.

I årets kåring hamna Alver på 36.-plass på tilrettelegging, og 8.-plass på bustadbygging. Det resulterte i 10.-plass på bustadvennlegheit.

Vil vere ein ja-kommune

Andvik seier til avisa at kommunen har eit stort fokus på å legge til rette for gode bustadmiljø, både for potensielle tilflyttarar og for dei som allereie er busette i kommunen.

– Vi ønsker å vere ein ja-kommune som legg til rette for innbyggjarane på best mogleg måte, utan at det går utover naturmangfald.

Ho presiserer at innspel frå innbyggjarane er heilt avgjerande, spesielt no som dei skal i gang med arealplanen.

– Det er viktig med innspel for å vite kor skoen trykker, seier ho, og held fram:

– Vi kan ikkje si ja til alt, men vi vil gjerne vite kvar i bygdene det er behov for bustader, og ikkje minst kva type bustader folk ønsker.

I lys av arealplanen vil kommunen reise rundt for å samle inn innspel, fortel Andvik. Det vil også bli opna opp ein eigne kanal for innspel til planprogrammet på heimesida til kommunen.

Gjer det dårleg to plassar

Dei to temaindeksane (tilrettelegging og bustadbygging) er igjen basert på fleire indikatorar.

Alver stiller sterkt når det kjem til behandlingstid under kommunalt ansvar, og andel framande private planforslag som kommunen ikkje har villa fremje.

Kommunen gjer det derimot svært dårleg på andel innvilga byggesøknadar, og på gjennomsnittleg saksbehandlingstid for byggesaker med 12 vekers frist.

Andvik seier at dei alltid kan bli betre, og at dei kontinuerleg jobbar med å legge betre til rette for bustadbygging

– Det er noko som er unisont blant alle politikarane i kommunen, meiner ho.

Les også

Slik skal Knarvik bli by