Alver Hotel stenger dørene grunna korona

Alver hotell

Alver hotell Foto:

Stadig fleire tiltak blir gjort for å hindre spreiing av korona-viruset. No stenger Alver Hotel dørene.

DEL

– Det er med tungt hjarte vi må melde at Alver Hotel vil stenge ned drifta, skriv dei på Facebook-sida si fredag kveld.

Frå 16. mars vil hotellet bli stengt for allmenn tilgang grunna koronaviruset.

Vil ha selskap

Trass i at hotellet blir stengt for allmenn tilgang, vil dei ta i mot selskap som er bestilt, og lukka for ein privat gruppe.

– Vidare vil våre leilegheiter og hus framleis kunne leiges, då med sjølvhushaldning som prinsipp, seier dei.

Ein kan også bestille catering om det trengst.

Bidra til samfunnsteneste

Dei kan ikkje fastslå ein dato for når hotellet vil vere tilbake til normal drift.

– Vi ser fram til å sjå medarbeidarar og gjester tilbake på Alver Hotel, så snart situasjonen tillet det, skriv dei på Facebook.

Dei avslut:

– Skulle det på nokon tidspunkt vere behov for at Alver hotel bidrar til samfunnsteneste, stiller vi oss til disposisjon.

Artikkeltags