Gå til sidens hovedinnhold

Alver følger dei nasjonale tiltaka

Fredag 16. april går Norge inn i trinn éin av gjenopninga, og lettar då på dei nasjonale tiltaka som vart innført før påske. Då følger også Alver etter.

– Eg ønskjer å takke alle i Alver for den flotte jobben som vert gjort i samband med koronasituasjonen. Mange ofrar mykje for at vi som fellesskap skal bremse koronaviruset, seier ordførar Sara Hamre Sekkingstad i ei pressemelding frå kommunen.

Ho seier vidare at det er viktig at innbyggjarane held fram med god handhygiene, avstand til andre og avgrensa tal nærkontaktar.

– Vi ser kor raskt spesielt det muterte viruset kan spreie seg. Å avgrense sosial kontakt er derfor noko vi oppmodar til, seier ho.

Sekkingstad oppmodar også innbyggjarane til å møtast ute i staden for innandørs no som det blir varmare. Skal ein ha gjester heime no, er makstalet etter dei nye reglane fem gjester.

I tillegg bør ein ikkje ha arrangement som samlar folk frå fleire kommunar, sjølv om det no er lov å vere 10 personar på innandørsarrangement, og 20 på utandørsarrangement.

Unødvendige innanlandsreiser er også fråråda, spesielt reiser til og frå område med høgt smittetrykk.

Vil kome med 17. mai-råd

Vidare skal barnehagar og skular vere på gult nivå. I Alver vil Knarvik ungdomsskule likevel vere på raudt nivå ut denne veka, grunna smittesituasjonen knytt til skulen. Kommunen vil i starten av neste veke vurdere om skulen skal halde fram på raudt nivå lenger.

– Vi følger nøye med på smittesituasjonen både i eigen kommune og kommunane rundt oss. Om situasjonen endrar seg, kan det blir aktuelt å innføre nye tiltak på kort varsel, seier Sekkingstad.

I pressemeldinga opplyser kommunen òg at det vil komme råd om 17. mai. Alver sine ulike 17. mai-komitear er i gang med planlegginga av dagen, og Sekkingstad seier dei har oppmoda komiteane til å tenkje kreativt.

I slutten av april kjem regjeringa med nasjonale råd om 17. mai. Det gjorde dei også i fjor. Då var det alternative arrangement i Alver med bilkortesjar, natursti og digitale arrangement.

Les også

Slik er Erna Solbergs plan for gjenopning av Norge

Kommentarer til denne saken