Alver etter korona

Trafikken i Knarvik blei på det meste redusert med 40 prosent då koronaviruset førte til at regjeringa stengte ned store delar av samfunnet. I dette innlegget skriv Alver-politikar Leif Johnsen (MDG) om korleis han og partiet meiner samfunnet bør fungere etter korona. Illustrasjonsfoto: Karoline Nordgulen

Trafikken i Knarvik blei på det meste redusert med 40 prosent då koronaviruset førte til at regjeringa stengte ned store delar av samfunnet. I dette innlegget skriv Alver-politikar Leif Johnsen (MDG) om korleis han og partiet meiner samfunnet bør fungere etter korona. Illustrasjonsfoto: Karoline Nordgulen Foto:

Av
DEL

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.«Dette er unikt i verdshistoria». Slik ordla leiar for næring i Alver, Tanja Hoel seg, om koronakonsekvensar for næringslivet i eit nettmøte for Alver-politikarar 03.04. «Krisa er ikkje bere økonomisk», la ho til. Utfordringane for Alver oppsummerte ho i tre punkt: - Unngå permanent arbeidsløyse, - korleis behalde aktivitet lokalt og - ta vare på kunnskap og utvikle ny.

«Krisa er ikkje berre økonomisk»

Krisa er òg politisk, opp til no ei politisk handlingskrise. FN-rapportar og nasjonale rapportar, naturtap, havplast og ungdoms globale rop om endring har ikkje fått sterke nok politiske svar.

Pandemikrisa var varsla. I Noreg av Direktoratet for sikkerhet og beredskap (Dsb), i 2013 i rapporten Nasjonalt Risikobilde: «Pandemiscenarioet vurderes å ha høy sannsynlighet...» og i 2019 i Analyse av krisescenario: «Dei samfunnsmessige konsekvenser er vurdert til å bli svært store».

I Nordhordland har fleire enn Tanja Hoel brukt sterke uttrykk. «Heile samfunnet er utfordra…vi kjem ut på andre side av dette til eit nytt Noreg» seier Baste Tveito i Nordhordland Næringslag (Strilen 07.04).

Tvungen nedgang - og omstilling

Nytt Noreg? Nytt Nordhordland? Nye utfordringar - og moglegheiter. «Handle lokalt» er på nytt blitt høgaktuelt. Lokal dugnad og omstilling, offentleg og privat, må til skal me halde oppe og utvikle meir robuste samfunnsfunksjonar i eit framtidig Nordhordland: - Næringar må omstille og utvikle seg til ein ny normaltilstand meir usikker enn før. - Helsevesenet lokalt må få sterkare beredskap for pandemiar, men òg psykiatri. - Opplæringa må svare på nye kunnskapsbehov og utfordringar for samfunnet og elevar. - Lovar og reglar må justerast for å forvalte fellesressursane optimalt til samfunnstryggleik og velferd. I ein situasjon der nasjonal, kommunal og privat økonomi er svekka. Alver i startgropa med alt for svak økonomi, får no samtidig både lågare inntekter og høgare utgifter. Mykje må revurderast.

Ny start i emning

Mykje gir håp. Innsatsen frå helsepersonell og andre yrke som er dugnadsheltane no, folks sprelske kreativitet og storting og arbeidslivsorganisasjonane sitt arbeid med krisepakkar. Og nye sirkulærøkonomiske EU-krav. Alt viser kor mykje som er mogleg når kriseforståinga er sterk nok.

«Det som er bra er at Noreg og Nordhordland har vist… at vi er i stand til å snu oss rundt og klare omstillingar», Tveito i Strilen 07.04. Utfordringa er: Klarer me òg å endre samfunnssystem og tankesett som har gjort samfunnet så sårbart? Og på globalt nivå, skaper grobotn for pandemiar?

Om ikkje, kan dei store fellesskaps-ressursane staten no set inn, nytte lite. Omstillingane må rette opp «feila frå i går» for å kunne gjere samfunnet meir robust.

Naturinngrep har skylda

Menneskapte naturøydeleggingar ligg bak. Det er dobbelt tragisk. Meir og meir forsking frå fleire felt viser på ei side, kor sterkt vår fysiske og mentale helse er avhengig av naturen, og på andre sida, kor alvorleg våre liv og samfunn er truga av naturøydingane. Den vesle, lettlesne boka «Slik påvirker naturen oss», (2018) av Åse Drageland viser den positive sida.

Den negative sida, det livstrugane, kjem fram i ei hyperaktuell bok om pandemiar av forfattar og gravejournalist, Sonia Shah. 18. feb. skreiv ho: «I dag henger det en pandemiskygge over oss. Og det er ikke bare på grunn av det nye koronaviruset...ødeleggelsen av habitater (naturområder for ville dyr), noe som kan føre til at dyrs mikrober lettere overføres til menneskekroppen», «...egentlig er det menneskets naturinngrep som har skylden».

Aftenposten innsikt Nr 04 /2020 /APRIL. Det aukande naturtapet utryddar og trugar ikkje berre ei mengd dyreartar og medisinske plantar, fører ikkje berre til tap av biologisk mangfald. Andre negative effektar er at dei attlevande dyra blir pressa unormalt- og usunt - tettare saman på stadig mindre og meir oppdelte leveområde. Det aukar smittefare og skaper grobotn for nye sjukdommar, og gjer at dyra kjem nærare og oftare i kontakt med menneska, og: «... lar mikrobene som lever i dyrenes kropper, smitte over til våre, og som gjør godartede dyremirkober til dødelige menneskelige patogener», skriv Shah.

Ein rapport publisert i år i tidsskriftet Proceedings of the Royal Society B, frå ei gruppe veterinærar, seier det same, (Framtida.no 10. april Ny forsking: Virusspreiing kjem av menneskeleg aktivitet): «Sjukdommar som covid-19 kan bli vanlegare etter kvart som menneske øydelegg levestadane til ville dyr og tvingar smittespreiande dyr til å bu tettare på oss.» Altså - og sjølvsagt: Å redusere faren for pandemiar, krev at me reduserer naturøydingane. Omstilling trengs på fleire område; natursyn, økonomi, energi, mat, forsking og skule, verdisett og status.

Something basic must be wrong

«Når ein natur så generøs som vår, og ei menneskeslekt som arbeider så hardt, deler ei verd med så mye miljøskade, ignoranse for menneskelege behov, ulikskap og økonomiske kriser, då må noko grunnleggjande vere feil» (omsett frå eng), Johan Galtung i boka «From a killing to a living economy», (2012).Kari Gåsvatn nemner i boka «Geriljahagen» (2019) systemfeil som overforbruk av energi og ressursar... øyding av matjord og biologisk mangfald, misbruk av vatn og - toppaktuelt - «dårleg behandling av dyr, planter og mennekser i den internasjonale industrielle verdikjeden for mat». Boka gir konkrete handlingsråd, ikkje bare om eigen «geriljahage». Alle kan omstille seg.

Kva med Alver?

Kva lokal dugnad må til for å møte utfordringane Hoel og Tveito nemner? Nokre generelle tankar: Nordhordland har gode reiskap i organisasjonar og ordningar for samarbeid mellom næringsliv og det offentlege. No må dette styrkast og fokuserast mot omstillingane som trengst: Arbeidsløysa blant unge, konsekvensane av oljeprisfallet, oppgåver i landbruket, auka lokal produksjon og handel, vår helseberedskap for psykiatri og pandemiar, utfordringar i skular og barnehagar.

Unge arbeidsledige må inkluderast meir i dette lokale partsamarbeidet. Me treng deira kompetanse, fordomsfrie kreativitet og krefter. Det nye Noreg blir dei unge si framtid og må møte deira behov. I eit demokrati må omstillinga begynne med kvar enkelt, komme «nedafrå». Det hevdar både Kari Gåsvatn, og professor i økologisk økonomi, Ove Jakobsen, ein vegvisar ho trekk fram. Me må handle lokalt - i dobbel forstand. Fleire gode tiltak var i gang før korona, og spennande, nye poppar no opp.

«Heile kommunen» i bruk. Kva er «heile kommunen»? Alt seriøst næringsliv, ung og vaksen arbeidskraft og initiativ, lag og organisasjonar, tradisjonar, ressursar, og - naturen - som grunnlaget for alt. Men me kan ikkje «ta» heile naturen. Å la natur vere urørt, er ein vesentleg del av å ta heile kommunen i bruk. Ja, me må til og med «reparere» øydelagt natur. Liva våre er avhengig av ein natur i økologisk balanse. Covid-19 har minna oss kraftig på at me må gjenopprette denne balansen. Og me er den einaste skapningen som både kan øydelegge - og reparere.

Leif Johnsen, Alver MDG

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken