Kommentar Dette er ein kommentar, skrive av ein redaksjonell medarbeidar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Granskinga av lærarsakene i Alver har avslørt ei kommuneleiing som har vore lite interesserte i å komma fram til kva som eigentleg har skjedd. Då dei kritiske spørsmåla kom, valte administrasjonen å avvisa skuldingane. Det politiske fleirtalet tok heller ikkje saka nok på alvor.
Også i fleire andre saker har det gått igjen: Kommunen framstår som lite open, lite audmjuk og lite villig til å ta kritikk på alvor.
Den gode nyheita er at Alver ikkje treng å reisa langt for å læra. I Vestland fylkeskommune har dei valt ei heilt anna tilnærming til korleis vanskelege saker som kan truga tilliten vert handtert.
Også i fylkeskommunen vert det gjort feil. Ja, faktisk ganske grove feil. Likevel har fylkesdirektør Rune Haugsdal valt ein heilt annan strategi, enn kollegaane i Alver.
Då fylkesdirektøren fekk ferten i at økonomien i bybaneprosjektet mellom sentrum og Fyllingsdalen var på ville vegar, sette han i gang si eiga gransking. Då det kom fram at ein av underdirektørane hans, Bård Sandal, hadde råda politikarane til å bruka 1,7 millionar til eit selskap der kona hadde ei sentral rolle, starta Haugsdal ei ekstern gransking av saka. Også då det kom fram at kjærleiken blomstra mellom ein fylkespolitikar og ein byråkrat, vart det sett i gang gransking.
I alle desse tilfella valte fylkeskommunen å ta tak i sakene på eige initiativ. Dei venta ikkje på at nokon tvinga dei til det.
Resultatet var nok i alle tilfella smertefulle for dei involverte partane. Likevel: Uavhengige krefter gjekk i alle tilfella gjennom kva som hadde skjedd, slik at ein kunne komma vidare.
I eit av tilfella, i saka om budsjettsprekken for Bybanen, enda det med at sjefen for Bybanen utbygging måtte ta hatten sin og gå. I dei andre sakene kom det òg fram at det hadde vore uryddig trav, men ikkje verre enn at ein kunne gå vidare.
Ein kan seia mykje om eksterne granskingar. Dei er dyre. Dei kan vera vonde. Og, ein må til ei viss grad vedgå at ein ikkje er ufeilbarleg, når ein set dei i gang.
Den store skilnaden er likevel at omverda i større grad kan ha tillit til det som skjer i organisasjonen. Ein unngår skuldingar om at det er bukken som passar på havresekken. Ein unngår skuldingar om at det er vennskap og kjennskap som avgjer.
Stikkorda er openheit, audmjukheit og rolleforståing.
Både byråkratar og politikarar lever av tillit. Alver kommune lever av tillit. Problemet til kommunen er no at folk ikkje har tillit til at kommunen greier å handtera vanskelege saker. Det er tilsette som er utrygge på korleis kommunen kjem til å handtera ei eventuell personalsak. Det er innbyggarar som er utrygge på om kommunen fortener tilliten deira.
I lærarsakene burde kommuedirektøren i Alver ha gjort det same som kollegaen i fylkeskommunen gjorde. Nemleg få andre til å vurdera jobben kommunen hadde gjort, i staden for å vurdera det sjølv.
Det hadde vore ubehageleg for dei involverte. Det hadde hadde kosta pengar. Men: Etter alt å dømma hadde sakene vore løyst for fleire år sidan, for ein billegare penge enn det ein har enda opp med. Kommunen kunne òg ha framstått som ein lærevillig organisasjon, som hadde vore open for at feil kunne ha skjedd.
Også på det politiske nivået har Alver noko å læra av fylkeskommunen. Det kjem mellom anna til utrykk gjennom korleis nye representantar vert mottekne i den politiske fellesskapen. Spør du representantar som vart valt inn frå bompengepartiet, vil dei svara at dei i langt større grad har komme inn i varmen i fylkespolitikken enn tilfellet har vore i Bergen eller Alver.
Det handlar ikkje om at dei har vunne fleire politiske sigrar, men at dei i større grad har opplevd respekt og har vorte lytta til.
Kanskje kunne eit betre politisk klima og ha resultert i at lærarsakene hadde vorte løyst på eit langt tidlegare tidspunkt.
Alver kommune er framleis ein ung kommune og ein ung organisasjon. Når lærarsakene skal evaluerast, bør ein òg finna ut korleis politisk og administrativ ukultur kan snuast til kultur.
Resultatet vil vera at langt fleire snakkar fint om Alver kommune.