– Å sjå det ferdig er spanande. Det var mange variabler av størrelser, former og farger som skulle koma saman i éin komposisjon, seier kunstnaren Bo Magnus frå Bergen.

Mykje planlegging har gått føre seg digitalt grunna pandemien. No kan ho endeleg fysisk vera til stades på nye Alversund skule og sjå kunstprosjektet hennar som prydar veggane i «Skuletorget».

Mål, måling og tolking

Ynskjet var å involvera elevane på ein kunstverkstad. Koronapandemien gjorde ikkje dette mogleg. Då kom ideen om å få lærarar til å måla alle borna si armlengde. Om lag 330 elevar i dåverande 6. klasse og ned til dei som skulle byrje i 1. klasse vart målte.

– Lærarane har vore hjelpsame og ein stor del av prosessen, seier Magnus.

Ved hjelp av matematisk omrekning av elevane sitt mål frå fingerspiss til fingerspiss når armane er strekte ut, har ho skapt organiske sirklar.

Inspirasjonen kjem av styringsverktøy som måler og registrerer elevar og lærar sine ferdigheiter i skulen. Resultata av slike målingar visualiserast gjennom grafar og sirklar med ulike fargekombinasjonar.

– Me er så unike at det er vanskeleg å komma inn i ein geometrisk sirkel, ingen som passar inn i det, seier kunstnaren.

Elevane vart spurde om kva farge dagen har. Svara vart lagt oppå kvarandre og dannar mange ulike fargar.

– Det er lag på lag med mål, måling og tolking, skildrar Sigrid Fivesdal.

Ho arbeider med kunst, musikk og scene i Alver. Ho håpar at elevane er stolte og kjenner eigarskap til kunsten.

– Kunst er viktig

Kunstprosjektet har kosta om lag 200.000 kroner. Prislappen på skulen er 340 millionar. Det vil seie at i underkant av 0,06 prosent er brukt på kunst. Til samanlikning er statlege bygg pålagt å bruka om lag to prosent av kostnadane på byggeprosjektet til kunstprosjekt.

– Ein treng kunst i offentlege bygg i den nye kommunen. Kunst har mykje å seie for identitet, refleksjon og oppleving, seier Fivesdal.

Ho veit at ikkje alle oppsøkjer kunstutstillingar og tykkjer difor det er fint å ha kunst der folk oppheldt seg.

– Enorme summar går til storbyane, særleg Oslo. Det er viktig å bruka pengar på kunst og i distrikta, meiner Magnus.

Prosjektleiar for barneskulen, Inger Marie Jordal, har god kjennskap til korleis det såg ut då veggane var heilt kvite.

– Det gjorde mykje med rommet å få kunsten opp. Det vart noko heilt anna.

Heilskap

– Eg svarte nett på ei undersøking om elevmedverknad. Når eg ser på desse ovale verka, med alle fargane, håpar eg at elevane skal forstå at dei er ein viktig del av ein heilskap, seier rektor Gøril Undertun.

Fivesdal peikar på at ingen tolking av kunst er feil. At det ikkje er noko som skal oppfattast på ein viss måte.

– Nokon kan vera redde i møte med kunst, at dei ikkje forstår det.

Magnus seier at det er ikkje alt ein treng å forstå, men det kan sansast og opplevast.

– Bak denne kunsten ligg det ein klar idé.