All makt til formannskapet?  Eller i denne sal?

Jan Nordø, som representerer Bygdelista i Austrheim, er misfornøgd med måten kommunen blir styrt politisk under koronakrisa. Arkivfoto

Jan Nordø, som representerer Bygdelista i Austrheim, er misfornøgd med måten kommunen blir styrt politisk under koronakrisa. Arkivfoto

Av
DEL

MeiningarStrilen fortel 27. mars om Austrheim kommune «at formannskapet på sist møte vedtok å avlysa kommunestyremøtet 2. april. Og når dei på grunn av ein krisesituasjon ikkje kan ha møte, seier beredskapsplanen at kommunestyret sine fullmakter blir delegerte til ordførar og formannskap».

For det første. Ifølge saksprotokollen var dette noko ordføraren orienterterte om. Det vart ikkje fatta noko separat vedtak. Det var ei orienteringssak der det kan sjå ut som at ordføraren allereie hadde avgjort at slik må det vera.

For det andre. Kvifor kan ikkje kommunestyret ha møte når formannskapet kan? Kva er grunngjevinga? Formannskapet nyttar den elektroniske løysinga Teams til møta sine. Kvifor kan ikkje kommunestyret nytta tilsvarande plattformar, slik som mange andre kommunar i landet? Og slik som næringslivet, skulane og universiteta? Eller er det andre grunnar til at møtet 2. april blei avlyst?

Alle forstår at i krisetider må det gjevast kortvarige fullmakter. Kommunen sin beredskapsplan gjev heimel for det. Men betyr det at «denne gjengen har fått overtatt all makt» slik Strilen skriv om formannskapet på framsida 27. mars? Det høyrest etter mi meining skummelt ut.

I Bergen vil bystyret innskrenka byrådet sine krisefullmakter av di dei er redde for å bli overstyrte i viktige politiske saker. Tilsvarande innskrenking bør koma i Austrheim, men då må kommunestyret møtast for å gjera vedtak om det. Formannskapet må ikkje få siste ordet i saker som høyrer til i kommunestyret. Slik overstyring er grunnleggande udemokratisk.

Presserande skadeavgrensande tiltak må likevel formannskapet og kriseleiinga kunna vedta, men då må informasjonsflyten til kommunestyret vera god. Og alle partia i kommunestyret må på eit eller anna vis bli inkludert.

I Alver kommune har kommuneleiinga løyst dette på ein førbiletleg måte. Ordførar Sara Sekkingstad får fortent ros frå opposisjonen. Dei tre partia som ikkje har representantar i formannskapet, dvs. SV. Raudt og Venstre, har fått tale- og møterett i formannskapsmøta. Sekkingstad har dessutan jamlege møte med alle gruppeleiarane.

Bygdelista i Austrheim er som einaste parti ikkje med i formannskapet. Eg veit heller ikkje om at det har vore gruppeleiarmøte. Men som i Alver ville det vore naturleg å inkludera alle partia i kommunestyret i krisearbeidet, dvs. med tale- og møterett i formannskapet og meir bruk av gruppeleiarmøte. Første høve byd seg no onsdag 8. april. Då har formannskapet møte. Ein rask telefon frå ordføraren til Bygdelista sin gruppeleiar Atle Utkilen burde vera nok.

Som på Stortinget og i Alver vil slik inkludering av opposisjonen gje større legitimitet til krisetiltaka og bidra til naudsynt korrigering av maktbruk. Trond Giske (Ap) seier i Dagsnytt 18 mandag kveld: Krisetiltak i Koronalova må ha «tillit og forankring». Slik må det òg vera i kommunane.

Jan Nordø

Bygdelista i Austrheim

Artikkeltags