Ung skiskyttar vil satsa

KM-BRONSE: Lasse Virkesdal frå Dalsøyra tok bronse i KM i skiskyting i helga. No vil han satsa innan sporten. (Alle foto: Privat)

KM-BRONSE: Lasse Virkesdal frå Dalsøyra tok bronse i KM i skiskyting i helga. No vil han satsa innan sporten. (Alle foto: Privat)

Artikkelen er over 9 år gammel

Lasse Virkesdal frå Dalsøyra.

DEL

Lasse Virkesdal (12) frå Dalsøyra er hekta på skiskyting, og med ein bronsemedalje frå KM førre helg, har han no lyst å satsa innan sporten.

Så sant snøen har lagt heime på Dalsøyra denne vinteren, har Lasse Virkesdal vore ute på bøen med ski på beina. Han har også terpa skotferdigheitene med luftgeværet. Og sjølv om han byrja med skiskyting først i år, har han allereie markert seg i krinssamanheng.

- Eg tok ein tredjeplass og ein fjerdeplass i KM i Vik i helga, fortel 12-åringen, som har vore aktiv i skisporet i fleire år, men som altså først denne sesongen byrja med skiskyting.

Under meisterskapen i Vik i helga, gjekk Lasse renn både lørdag og søndag. Løypa var ein kilometer lang med to innlagte skytingar begge dagane.

Trenar mykje

Søndag slo Lasse til med fullt hus på den eine av skytingane, men det var i rennet lørdag det vart medalje. Dette har gitt han blod på tann.

- Eg har gått konkurransar på langrenn før, men det var endå kjekkare å gå skiskyting. Skal kanskje til Stryn neste helg og gå nye løp, men det er ikkje heilt bestemt enno, fortel han.

Første gong Nh ringte, hadde ikkje Lasse tid å snakka. Då var han nemleg i skitrekket i Myrkdalen. For han står nemleg på slalåm også, 12-åringen frå Dalsøyra.

- Det pleiar ikkje å vera så mykje snø heime, så eg må reisa litt for å få trena. Vi er ofte i Stordalen, seier den unge skientusiasten.

Vanskeleg andreskyting

Men sjølv om han trivst med både langrenn og slalåm, er det innan skiskytinga han har lyst å verta skikkeleg god. Som aktivt medlem i Nyborg Skyttarlag, får han rikeleg med skytetrening, og skia finn han altså fram så snart føret tillet det.

Men skal ein verta ein god skiskyttar, vert det kravd mykje, og Lasse kan fortelja at det ikkje nødvendigvis er nok å ha god kondisjon eller vera stødig med børsa.

- Det er nokså vanskeleg å skyta godt når du er sliten. I helga synest eg den første skytinga gjekk greitt, men den andre var vanskelegare, fortel han.

Fire lokale i KM

Lasse er førebels så ung at han ikkje går skiskyting med gevær på ryggen. Dette ligg på standplass og ventar. Når han ikkje går sjølv, følgjer han nøye med på skiskyting på TV.

- Ole Einar Bjørndalen og Emil Hegle Svendsen er førebilda mine. Dei har vore veldig gode i år, og det er veldig kjekt å sjå på, fortel Lasse, som var den einaste skiskyttaren som stilte til start for Dalsøyra Idrettslag under KM.

Han var likevel ikkje den einaste lokale deltakaren. Vidar Sleire Tistel og hans to døtre Andrine og Maria frå Masfjorden var også med under meisterskapen.

Vidar, som tidlegare satsa hardt på idretten, gjekk heilt til topps i sin klasse, og vart såleis også krinsmeister.

Artikkeltags