Suksess i eigen cup

LOKALOPPGJER: Det vart eit ekte lokaloppgjer i finalen for jenteklassen under årets Strilen-cup i Nordhordlandshallen søndag. Diverre for Hordabø var samarbeidslaget ENK fleire hakk betre i finalen.

LOKALOPPGJER: Det vart eit ekte lokaloppgjer i finalen for jenteklassen under årets Strilen-cup i Nordhordlandshallen søndag. Diverre for Hordabø var samarbeidslaget ENK fleire hakk betre i finalen.

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

ENK vann Strilen-cup.

DEL

I helga fekk dei lokale gute- og jentelaga bryna seg på skarp motstand frå store delar av Hordaland i den prestisjetunge Strilen-cup. Heilt til topps frå vårt distrikt var det berre samarbeidslaget ENK som gjekk.

I den første av dei to finalane som vart spelt i Nordhordlandshallen søndag, var det ENK-jentene som møtte radværingane frå Hordabø. Det var ENK som raskt vart det førande laget mot eit Hordabø-lag beståande av ein del yngre spelarar.

Caroline Morken frå ENK sette inn to mål på rappen, etterfølgd av skåringar av Karianne Snekkevik og Ingvild Smelvær. Oppgjeret enda med klar 4-0 siger til ENK.

”Hordabø-dødaren”

- Vi er sjølvsagt veldig godt nøgd med eigen innsats. Jentene har hatt seks tøffe kampar her i helga, til og med ein der me spelte 3-3 mot ENK, så eg er veldig stolt av jentene i dag, seier Hordabø-trenar Steinar Marøy, som også hadde fleire spelarar fødde i 1994 på laget sitt.

Han kom dessutan til Knarvik med ein litt redusert stall søndag, noko som gjorde prestasjonen med sølv og finaleplass ekstra stor.

Det vart til tider heitt både på og utafor bana. Det var tross alt kampen om å vera det beste jentelaget i distriktet det stod om.

- Men vi er så heldige at Caroline Morken tidlegare har vist seg sterk mot nettopp Hordabø, blant anna då ho avgjorde opprykkskampen på seniornivå mot laget i fjor. Vi kallar ho for ”Hordabø-dødaren”, fortel ENK-trenar Marius Silseth om spelaren som søndag skåra to mål.

Trenaren fortel også at det var veldig kjekt å gå til topps i eigen turnering, at det var til motivasjon for spelarane og at det var perfekt oppladning til kvalifiseringskampen til junior-NM for neste helg.

Spennande gutefinale

I gutefinalen får heimelaget NBK ein særs dårleg start mot Bergen Nord sine gutar, då gjestane frå Bergen finn vegen til nettmaskene allereie før det første minuttet er spelt. Det held fram same vegen utover i kampen, og etter rundt halvspelt leiar Bergen Nord 3-0.

Men så driblar Markus Stueland spelarane frå sørsida av brua på rumpa, og sett ballen i mål. Han gjer det same kort tid etterpå, og det er plutselig liv i det som såg ut til å bli ein parademarsj frå Bergen Nord. Men bergensarane viste seg å vera meir samspelte enn NBK og skåra igjen to kjappe på slutten og vann komfortabelt 5-2.

- Det kan sjå ut som om vi står og søv i 10 minuttar, før vi først vaknar og ser at det blir spelt ein kamp utpå her. Men vi er veldig godt nøgd med eigen prestasjon, og det er over all forventning. Sjølv om mange av spelarane er ganske skuffa no rett etter kampslutt, seier trenar Roy Pettersen.

Artikkeltags