Klare for kretslaget

KRETSKLARE: Katrine Hansen frå Kvernbit og Miriam Louise Seim frå NBK er klare for kretslaget.

KRETSKLARE: Katrine Hansen frå Kvernbit og Miriam Louise Seim frå NBK er klare for kretslaget.

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

Katrine og Miriam gjennom nålauget.

DEL

Etter å ha imponert stort på kretsen sine fotballskular, er Katrine Hansen frå Kvernbit og Miriam Louise Seim frå NBK no klare for kretslaget.

Katrine Hansen og Miriam Louise Seim klare for kretslaget etter å ha overbevist stort på Hordaland Fotballkrets sine fotballskular i haust. Jentene kan stolt fortelja korleis dei vart tatt ut på samlinga.

- I utgangspunktet var det rundt to hundre jenter som deltok på kretsen sine fotballskular rundt om på dei ulike plassane i fylket. Etter kvart vart det om lag 60 spelarar som vart plukka ut til å delta på ei sentralsamling i Vestlandshallen. Av desse vart det igjen plukka ut seksten utespelarar og tre keeperar, seier jentene.

Katrine var ein av dei 16 utespelarane, medan Miriam kapra ein av keeperplassane.

Godt tilbod

Dei to 13-åringane er to sjeldne talent, og det er ikkje utan grunn dei har blitt så gode.

- Vi har spela fotball i åtte år og trener no to gonger i veka med Kvernbit og ein gong med kretsen, fortel dei

I tillegg trenar Miriam ein gong i veka med damelaget til ENK, der ho har fått ei fantastisk oppbacking av keepertrener Arvid Borlaug. Miriam kjem i løpet av vinteren til å halda fram med å ha ei trening i veka med damelaget og kjem nok til å vakta buret for Kvernbit/NBK sitt jentelag i mange kampar utover sesongen.

- Utan det gode keepertilbodet eg har fått i klubben i haust, hadde eg ikkje fått moglegheita til å spela for kretslaget, seier ho

For Katrine sin del har ho i år spela både på småjentelaget til Kvernbit, samt vore med ein del på jentelaget til Kvernbit som i 2008 spelte i 2. divisjon.

- Vi er veldig heldige som får eit så godt tilbod frå klubbane våre. Dei har gjort alt dei kan for å laga eit godt opplegg rundt oss, smiler jentene.

Samarbeid med Arna Bjørnar

Jentene er med i eit samarbeid mellom Fotballkretsen og Toppserieklubben Arna-Bjørnar, der dei skal ha trening i Vestlandshallen ein gong i veka.

- Det er eit godt tilbod for jentene, der dei får god oppfølging. Her får dei også god lærdom og ikkje minst måla seg med dei beste, seier Kvernbit/NBK-trenar Øystein Johansen.

Jentelagstrenaren skryt av dei to spelarane, og beskriv deira ferdigheiter:

- Miriam er ei jente med veldig godt humør og ein enorm treningsvilje. Treningstalent er etter mi meining den viktigaste eigenskapen du kan ha i fotball. Ho er lærevillig og etter som ho berre er 13 år, har ho det som trengs for å kunne nå langt, seier han.Han har også mykje positivt å seia om Katrine.

- Ho er ein lovande spelar med fart som ekstremferdigheit. Ho har også ein god skot- og innleggsfot, og er veldig flink til å koma først på ballen og utnytta motstandarane sitt bakrom, seier han til nh.

Johansen fortel vidare at dei to klubbane Kvernbit og NBK er opptatt av å gjera alt for at dei to spelarane skal få eit så godt treningsopplegg som mogeleg, noko som ser ut til å fungera.

Artikkeltags