Klare for A-sluttspelet

Artikkelen er over 10 år gammel

To av to for ENK.

DEL

Samarbeidslaget ENK sitt J 19-lag er klare for A-sluttspelet i Gothia-cup, etter å ha slått Alingsås KIK 3-2 tirsdag.

Etter å ha vunne 1-0 over Fyris i første kamp, står laget no med seks poeng, og går såleis vidare til A-sluttspelet i turneringa i Sverige.

I tirsdagens kamp var det Caroline Morken som sendte ENK i leiinga etter vel eit kvarter spel, og resultatet stod seg til pause.

Like etter kvilen utliknar svenskane, før Sigrid Johansen sender ENK i føringa igjen berre nokre minutt seinare.

Men Alingsås KIK gir seg ikkje, og frå straffemerket kjem nok ei utlikning. Tiltross for korte omgangar, skal det verta nok ei skåring i kampen.

Dette er også ei perle. Frå 25 meter hamrar forsvarsspelar Solvor Osland Øvretveit ballen i nettet, og sikrar ENK ein plass i A-sluttspelet.

Med poeng mot Stattena IF onsdag, vinn samarbeidslaget frå Nordhordland også gruppa si.

Dette inneber direkte kvalifisering til 1/8-finale.

Artikkeltags