Godt i gang i Sverige

BRA START: ENK sitt J 19-lag har kome godt i gang med årets Gothia-cup. Her er det Lene K. Tvedt som hamrar inn i ei takling i opningskampen mot Fyris.

BRA START: ENK sitt J 19-lag har kome godt i gang med årets Gothia-cup. Her er det Lene K. Tvedt som hamrar inn i ei takling i opningskampen mot Fyris. Foto:

Artikkelen er over 10 år gammel

ENK sitt J 19-lag.

DEL

ENK slo svenske Fyris 1-0 i første kamp. Jentene opna forrykande, og skapte ei rekkje sjansar i starten av kampen. Tre gongar small ballen i treverket før 15 år gamle Karianne Snekkevik endeleg fekk hol på byllen.

Ho vart spelt gjennom av Helene Daae etter 17 minutt, og etter å ha runda keeper kunne ho enkelt setja ballen i det tomme målet.

- Resultatet sto seg til pause, og jentene heldt fram med å dominera også andre omgang. Men det vart berre nesten i denne omgangen. Ein susar i stolpen frå veteran Lene K. Tvedt vart omgangens store behaldning, og kampen enda 1-0. Ein fin start på årets turnering, skriv ENK-trenar Marius Silseth i ein e-post til nh.

I J 17-klassen deltar både Eikanger og samarbeidslaget Kvernbit/NBK. Eikanger tapte sin første kamp 4-1 mot Bakersfield Gunners SC. Også Kvernbit/NBK måtte sjå seg slått 4-1 i turneringas første match. Motstandar i oppgjeret var Vittsjö GIKK.

Også på gutesida er det lokale lag i aksjon i Sverige. NBK stiller med lag i G 15- og G 16-klassen. Begge laga tapte sine opningskampar.

Alle dei lokale laga som er med i Gothia-cup har kamp tirsdag ettermiddag eller onsdag. Nh kjem tilbake med resultat frå dei resterande kampane.

Artikkeltags