Cup-eventyret over

SNIPP, SNAPP SNUTE: NBK/Kvernbit, her representert ved Henriette Spurkeland, er ute av årets Norway-cup.

SNIPP, SNAPP SNUTE: NBK/Kvernbit, her representert ved Henriette Spurkeland, er ute av årets Norway-cup.

Artikkelen er over 8 år gammel

NBK/Kvernbit tapte mot Kårvåg/Havørn.

DEL

I ein jamn kamp mot eit fysisk sterkt lag kom jentene til NBK/Kvernbit til kort i 1/32-finalen. NBK/Kvernbit-trenar Øystein

Johansen tar tapet med fatning, og gir motstandarane ros for ein god kamp. Han meiner likevel at dommartrioen øydela mykje.

- Kampen vert diverre prega av dommartrioen, som stykkar spelet unødvendig mykje opp og dømmer på eit par utrulege situasjonar. Eg har aldri før sett så mange sinte foreldre. Sjølv dei aller mest sindige hissa seg skikkeleg opp, seier Johansen til Nh.

Då Nh snakka med han rett etter kampslutt kunne han fortelja om skuffa mange spelarar. Trenaren på si side er imponert over kva laget hans har fått til i Norway-cup.

- Vi har spelt god fotball i alle kampane, og veldig mange av spelarane har vist seg fram på ein god måte. Alle spelarane har sleppt til mykje, og eg er svært fornøgd med spelet vårt, også i denne kampen som vi tapar, seier han.

No er det den sosiale biten som vert sett i høgsetet for NBK/Kvernbit-jentene.

- Når skuffelsen har lagt seg skal det nok verta kjekt dei siste dagane i Oslo også, seier Johansen til Nh.

Artikkeltags