Cup-eventyret over

Artikkelen er over 9 år gammel

Bom stopp mot nordlendingane

DEL

ENK cruisa gjennom gruppespelet i Gotia-cup, men etter tre strake sigrar var det bom stopp i 1/8-finalen mot Grand Bodø.

Samarbeidslaget ENK slo Fyris med 1-0 i første kamp i årets Gothia-cup i Sverige. Alingsås KIK vart slått 3-2 i neste kamp, og med overbevisande 3-0 over Stattena IF i den siste, innleiande kampen i gruppespelet, gjekk ENK direkte til 1/8-finalen som gruppevinnar.

Motstandar i 1/8-finalen var Grand Bodø, eitt av dei desidert beste laga i Nord-Norge. Dette fekk ENK merka i stor stil i første omgang av 1/8-finalen.

- Vi låg under 4-0 til pause, og det var det ikkje noko å seia på. Dei var betre enn oss i alle fasar, seier ENK-trenar Marius Silseth til nh.

- Møtte eit betre lag

Kampen gjekk på ei elendig bane, med over ein meter høgdeforskjell frå mål til mål. Når ENK fekk fordelen av å spela i nedoverbakke, klarte laget seg betre.

- Jentene kjempar hardt i andre omgang, og kjem betre med i kampen. Men vi produserar ikkje mykje sjansar. Bana er dårleg, men det er like frustrerande for grand Bodø. Vi tapar mot eit lag som rett og slett er betre enn oss, seier Silseth.

Grand Bodø sitt damelag ligg i toppen av 1. divisjon. Seks av spelarane på juniorlaget spelar til dagleg i nettopp denne divisjonen.

- Vi får ein god peikepinn på kvar lista ligg. Vi har enno mykje å læra, seier ENK-trenaren.

- Gode opplevingar

Silseth er godt nøgd med det laget hans har prestert i Gothia-cup, og kan elles melda om eit flott arrangement, der dei fleste banene har vore heilt strokne.

- Vi har fått spela fotball på store, gode baner og jentene har gjort ein kjempejobb. Turen har for vår del vore veldig vellukka, og eg trur nok dei gode opplevingane frå Sverige vil hjelpa oss til mange poeng i haustsesongen, seier han til nh.

ENK-jentene har heller ikkje latt seg skremma av tivoliulukker i Liseberg.

- Vi har budd sentrumsnært, og hatt gunstige kamptidspunkt. Dette har gitt mykje fritid til byvandring og tivoli, fortel Silseth.

Fem lokale lag

ENK sitt j 19-lag var det einaste av dei fem lokale laga i Gothia-cup som gjekk vidare til A-sluttspelet. Eikanger J 17, Kvernbit/NBK J 17, NBK G 16 eller NBK G 15 spelte alle B-sluttspel i midtveka.

Eikanger-jentene kom seg til 1/16-finalen etter å ha slått Frösö IF 3-4, men vart brutalt knust med 7-0 av sjølvaste Glasgow Rangers.

Kvernbit/NBK sitt G 17-lag tapte 1/32-finalen 3-2 mot Grödinge SK. Same skjebne leid NBK sitt G 15-lag i 1/64-finalen. IFK Björkö slo raudtrøyene 3-1.

NBK sitt G 16-lag gjekk vidare frå 1/64-finalen, etter å ha slått Club da Turma 5-0, men i 1/32-finalen var det slutt. IFK Åmål vann 1-4, og dermed var alle dei lokale laga ute.

Resultata til dei lokale laga i Gotia-cup finn du i faktaboksen til høgre...

Artikkeltags