Mange menneske var involverte den skjebnesvangre natta til torsdag 8. november 2018 då marineskipet KNM Helge Ingstad segla i mørkeret inn Hjeltefjorden nord for Bergen. Eit vaktbytte, ei misforståing og eit tankskip på 250 meter som gjekk frå kai, førte til at fregatten kolliderte og grunnstøytte. Verdiar for over 4,3 milliardar kroner gjekk tapt, og Noreg sitt bidrag til den ståande Nato-styrka stod på grunn.
Vaktsjefen som hadde ansvar for fregatten då ulykka skjedde, hadde gått på vakt eit drygt kvarter tidlegare. Utanom det faste mannskapet på brua, hadde vaktsjefen òg med seg to som var under opplæring, og det var ein av desse som faktisk styrte fregatten.
Når straffesaka etter ulykka startar i Hordaland tingrett måndag 16. januar, er det berre vaktsjefen som sit på tiltalebenken, tiltalt for aktlaust ha vore årsak til sjøskade og for brot på militær straffelov om slurv i tenesta.
– Klienten min kjem ikkje til å vedgå straffskuld etter tiltalen når saka startar, seier forsvarar Christian Lundin til NTB, og heldt fram:
– Han føler på mange måtar at han har vorte uthengd som syndebukk etter ulykka. Det er nødvendig å sjå på grunnane til at han misforstod situasjonen. Det var fleire andre sentrale aktørar som gjorde grove feil, og det var vesentlege systemfeil.
Aldri noko tema
Statsadvokat Magne Kvamme Sylta seier til NTB at han beklagar at vaktsjefen føler seg uthengd. Saman med kollega Benedikte Høgseth vil Sylta føra den to månader lange rettssaka i Bergen.
– Det har aldri vore tema å finna nokon syndebukk. Tiltalen bygger på omfattande etterforskingsmateriale der ansvaret til fleire personar og handlingar har vorte etterforska på objektivt grunnlag, seier Sylta.
Den lange saksbehandlinga det er lagt opp til, skuldast ikkje minst at påtalemakta har tatt til følge forsvararen sitt ønskje om å få kasta lys på saka frå alle tenkelege sider, seier aktoratet. Riksadvokaten vurderte òg tiltale mot trafikkleiaren på vakt hjå Kystverket på Fedje den natta, kapteinen på oljetankaren og losen om bord, men slo fast at siktinga mot alle desse tre skulle leggast vekk.
Komplisert situasjon
Ifølge tiltalen er navigatøren den som skal lastast for ulykka ved at han ved aktløyse let vera å ta dei forholdsreglane som sikker navigasjon krev. Han var ikkje åleine på brua på fregatten i tida før ulykka, men han let vera å trekka dei inn i å finna ut kva det uidentifiserte objektet på radaren var.
Lundin seier at situasjonsbildet på tidspunktet før kollisjonen med den 250 meter lange oljetankaren TS Sola ikkje er så enkelt eller tilsynelatande openbert som påtalemakta har skildra i tiltalen.
Han trekk fram fleire andre forhold som han meiner ikkje er meir omsnakka i offentlegheita, som bakgrunnen for at eigaren av tankskipet Sola TS valde å inngå eit forlik og betala 235 millionar kroner til Forsvarsdepartementet etter kollisjonen. Lundin meiner òg Kystverket si rolle er gitt liten merksemd.
– Handlingane til både trafikksentralen på Fedje og Sola TS er heilt sentrale grunnar til at kollisjonen skjedde, seier Lundin.
Éin tiltalt
– Me står igjen med ein tiltale mot éin person. Forsvaret vart jo pålagt eit førelegg etter ulykka, som dei vedtok og har betalt. Hadde ikkje førelegget vorte betalt, ville òg Forsvaret vore representert på tiltalebenken når saka startar måndag, seier Høgseth til NTB.
Etter kollisjonen klokka 4.03 på natta gjekk fregatten på grunn, og mannskapet på 137 personar måtte evakuerast. Åtte personar vart lettare skadde i samanstøyten. Tankskipet kom frå kollisjonen med mindre skadar, og mannskapet på 23 personar kom uskadd frå hendinga.
Konsulentselskapet PwC rekna i etterkant ut at det vart brukt 765 millionar kroner på å få heva og frakta fregatten til marinebasen Haakonsvern. Det vart vurdert om krigsskipet skulle reparerast, men prislappen vart for dryg. I staden vart vraket selt til opphogging.
Prislappen for ein ny, tilsvarande fregatt vart i fjor berekna til å kosta mellom 11 og 13 milliardar kroner.
Rettssaka mot den tiltalte har ingen økonomiske spørsmål knytt til seg, og det vil ikkje verta fremja noko erstatningskrav mot 33-åringen. Navigatøren har etter ulykka halde fram tenesta si i Forsvaret og tenestegjer i dag framleis på fregatt.
– Han har ei oppleving av at han er vorte godt tatt i vare av Forsvaret i etterkant, seier Lundin til NTB.
