Aktiv konge fyller 83

– Feiringa blir privat, seier kommunikasjonssjef Guri Varpe på Slottet til NTB. Utover det har ho ingen kommentar om korleis kongefamilien skal tilbringe bursdagen.

– Feiringa blir privat, seier kommunikasjonssjef Guri Varpe på Slottet til NTB. Utover det har ho ingen kommentar om korleis kongefamilien skal tilbringe bursdagen. Foto:

Av

Fredag er det 83 år sidan kong Harald blei født på Skaugum i Asker. Han er framleis i god aktivitet og skal snart på ein reise til Jordan.

DEL

– Feiringa blir privat, seier kommunikasjonssjef Guri Varpe på Slottet til NTB. Utover det har ho ingen kommentar om korleis kongefamilien skal tilbringe bursdagen.

Kongen har lagt bak seg eit tidvis tøft år. I jula tok hans tidlegare svigerson Ari Behn sitt eige liv. I nyttårstalen fortalde kong Harald at dødsfallet har preget kongefamilien sterkt.

– Av og til er ikkje livet til å halde ut. For enkelte blir det så mørkt at ingenting hjelper. Ikkje ein gong kjærleiken til sine aller nærmaste. Nokon ser ingen annan utveg enn å forlate livet. Dei som står igjen, må leve vidare. Fattigare – utan den dei var glad i, sa kongen i talen.

I januar blei kong Harald innlagt på Rikshospitalet på grunn av svimmelheit, men det blei ikkje oppdaga nokon alvorleg sjukdom. Han var innlagt i ein veke før han blei utskriven og var i ein periode sjukemeldt.

Han var også sjukemeldt nokon dagar før jul på grunn av ein virusinfeksjon.

Ut på tur

Men no er kongen friskmeldt, og i starten av mars skal han og dronninga etter planen på sitt 50. statsbesøk. Denne gangen går turen til Jordan for å besøke kong Abdullah og dronning Rania på det som blir det første statsbesøket deira i Midtausten.

Kongeparet skal blant anna besøke ein jenteskule, Jesu døypestad ved Jordan-elva, Dødehavet og den berømte oldtidsbyen Petra.

Med på turen er utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H), som tidlegare har skrytt av kor spreke bursdagsbarnet og dronninga er.

– Dei er godt vaksne, det er det ingen tvil om. Men eg har ikkje akkurat merka nokon reduksjon i tempoet av den grunn. Dette er mitt fjerde statsbesøk med kongen og dronninga, og tre av dei har vore til land langt bort. Først til Argentina og Kina i fjor, og no hit, sa Søreide under statsbesøket til Chile i mars.

– Hemmelegheita er å sove godt om natta, svarte kongen.

Står på

Det siste året har kongeparet òg vore på fylkestur til Hordaland og kommunane Jondal, Odda, Granvin, Ulvik og Askøy.

I august feira dei konfirmasjonen til barnebarnet, arveprinsesse Ingrid Alexandra.

– Du er pliktoppfyllande, bevisst og flink. Du er varm og klok. Du har humor, sa ein rørt konge i sin tale.

Sjølv om kongen begynner å nærme seg midten av 80-årene, har han ingen planar om å abdisere. I eit intervju med Dagens Næringsliv i fjor gjentok han tidlegare forsikringar om at han aldri kjem til å forlate trona så lenge han lever.

– Det er blitt tradisjon i dette landet for at vi heldt på til «the bitter end», sa han.

(©NTB)

Artikkeltags