Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Eg kan forstå at det ikkje er lett for Ola Nordmann, som har budd på Tveitegrend heile livet, å førestille seg at det kan vere vanskeleg å ikkje føle seg heime. Ola har vakse opp med dei same folka, levd i den same kulturen og følgt dei same konvensjonane sidan starten. Men for nokon som kjem frå ein annan kultur så kan det bli svært vanskelig å få heimefølelsen. Kulturen treng ikkje ein gong å vere så annleis.
Eg er eit eksempel på dette. Då eg var seks år flytta eg og familien min frå Noreg til Australia. Alle elevane i klassen hadde allereie lært seg å lese og skrive på engelsk, og der kom eg med den gebrokne engelsken min og skulle liksom passe inn. Eg skulle gå i skuleuniform og leike med hatt på hovudet. Når det regna vart korøvinga avlyst, sjølv om øvinga var innandørs. Det var vanskeleg i byrjinga, men det gjekk seg til etterkvart.
Å flytte til Australia var ingenting samanlikna med å flytte tilbake til Noreg.
Då eg var ni og eit halvt, flytta familien min tilbake. Det var eit kultursjokk. Sjølv om eg hadde budd i Noreg lenger enn eg hadde budd i Australia, forstod eg nærmast ingenting. I norsktimane sat eg og teikna i staden for å følge med på det læraren sa, sidan eg verken kunne lese eller skrive norsk. I matten skulle ein trudd at eg kunne henge med, men matte er dessverre ikkje likt i alle land. Læraren min vart pissesur på at eg førte opp korrekte svar på ein måte ho ikkje kjende til.
For meg tok det lang tid å føle meg heime. Sjølv etter eg hadde tatt dei andre igjen på skulen, passa eg ikkje inn overalt. Eg fekk aldri ein skikkeleg heimefølelse på fotballaget. Dei andre gutane hadde spelt i lag sidan dei lærte å gå, eg kunne ikkje berre presse meg inn i den verda. Det var ikkje dei andre sin feil; dei hadde ikkje opplevd noko sånt.
Heimekjensla har likevel vore enklare å finna for meg enn mange andre. Eg forstod norsk, kom frå eit relativt likt samfunn og vart møtt med varm velkomst i ei lita bygd. For andre som kjem frå land med ein svært annleis kultur og språk, kan overgangen bli tøff. Derfor er det viktig at nordmenn blir betre på å inkludere dei som kjem frå andre kulturar.
Om overgangen var vanskelig for meg, kan eg berre førestille meg korleis andre har det.

Polske Klaudia (17) er lei av fordommar: – Mangfald er bra!

Kvar helg er det fest, men ikkje alle får komme: – Skikkeleg dritt følelse
