Gå til sidens hovedinnhold

76 nye koronasmitta registrerte i Bergen siste døgn

Tala frå Bergen kommune gjeld dei som bur eller oppheld seg i kommunen.

46 av dei smitta er nærkontaktar, tre tilfelle er importsmitte, 16 har ukjend smitteveg, og ti er ikkje klarlagde. Det var totalt 1.873 personar som testa seg søndag, skriv kommunen i ei pressemelding.

Der opplyser dei òg at ein koronasmitta bebuar på sjukeheimen Lyngbøtunet døydde laurdag 7. august. Personen var uvaksinert grunna svært nedsett allmenntilstand.

Utfordringar for sjukeheimane

Kommunen melder òg om nye smittetilfelle på fleire sjukeheimar. I helga har to bebuarar testa positivt på Lyngbøtunet, ti på Siljuslåtten og fem på Mildeheimen. Totalt er no 23 bebuarar på sjukeheimar smitta (fire på Lyngbøtunet, tre på Fantoft, elleve på Siljuslåtten og fem på Mildeheimen).

– Bebuarane som har fått påvist smitte i helga, er fullvaksinerte, og dei fleste er ikkje alvorleg sjuke. Bemanningssituasjonen på fleire sjukeheimar er vanskeleg då mange tilsette må i karantene. Sjukeheimane som er hardast ramma av smittesituasjonen, har innført inntaksstopp, seier direktør for sjukeheimsetaten, Anita W. Johansen.

Vurderer tiltak

Smittevernoverlege Egil Bovim meiner situasjonen er utfordrande og seier Bergen er i dialog med FHI om det er behov for fleire tiltak.

– Det er ei utfordring at det er så mange ulike smittevegar hos dei som blir smitta. Akkurat no er det så mykje smitte i Bergen at innbyggjarane risikerer å bli smitta på mange ulike arenaer, seier smittevernoverlege Egil Bovim.

– Det er for mange som ikkje tek tilrådingane på alvor, og vi må vere førebudde på høge tal dei neste dagane. Vi vurderer løpande saman med FHI om det er behov for fleire tiltak, seier Bovim.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken