350 tomme stolar i Knarvik kyrkje - fleire hundre tusen lytta på radio

Det var ein heilt spesiell situasjon då radiogudstenesta gjekk på lufta frå Knarvik kyrkje søndag – for tomme kyrkjebenkar og fleire hundre tusen lyttarar. Og NRK Dagsrevyen var på plass for å senda innslag frå den einaste gudstenesta som vart gjennomført i kyrkjene i landet vårt denne søndagen.