Ein mista førarkortet etter å ha halde ei fart på 119 kilometer i timen i 80-sona, då UP stilte seg opp mellom 10.30 og 15.00 på E39 i Matredal fredag.

I tillegg må 32 personar bøte etter å ha køyrt for fort, skriv politiet på Twitter.

Dei skreiv også ut ei bot for mobilbruk under køyring.

Gebyr for mobilbruk auka ved nyttår, frå 1700 til 5000 kroner.