2024 er det store året, men i Eivindvik starta dei feiringa alt laurdag
Det blei ein kveld å hugsa. Elden som sende logar mot den svarte hausthimmelen, kloke og rørande ord frå ungdomar i Gulen. Særeigen musikk la seg som eit teppe over tingstaden. Slik byrja Gulatinget sin del av det store jubileet “Noreg i tusen år”.