20 sjåførar tekne under kontroll torsdag

Politiet stoppa fleire sjåførar langs E39 og fylkesveg 57.

DEL

Torsdag ettermiddag melder Vest politidistrikt at Utrykkingspolitiet har hatt fartskontroll på E39 i Romarheimsdalen.

I 80-sona vart det skrive ut 17 forenkla førelegg, der høgaste hastigheit var 96 km/t.

UP hadde også kontroll på Hundvin langs fylkesveg 57.

To sjåførar fekk forenkla førelegg i 80-sona, ein for fart og ein for bruk av mobil.

I tillegg vart ein MC-førar målt til 137 km/t, og enda opp med beslaglagt førarkort og politimelding.

Artikkeltags