Har budd på Fedje heile livet

EIT FLOTT TREKLØVER: Jubilanten Olga Nilsen (t.h), nabo og ven Margot Gullaksen og ordførar Kristin Handeland. privat foto

EIT FLOTT TREKLØVER: Jubilanten Olga Nilsen (t.h), nabo og ven Margot Gullaksen og ordførar Kristin Handeland. privat foto

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

FEDJE: Tirsdag 16. juni kunne Olga Olsen feira 100 årsdag.

DEL

– Ho har budd på Fedje heile livet, seier Margot Gullaksen om den åndsfriske jubilanten.

Olga Olsen er med sine 100 år den eldste innbyggaren i øysamfunnet.

Margot og hennar familie har eit nært forhold til Olga Olsen. Og då ho runda 100 var det naturleg å laga i stand eit lite selskap på Fedje sjukeheim, der Olga har budd dei siste 4–5 åra.

LES OGSÅ: Har alltid hatt stor arbeidsglede

Fekk polio

– Mora fekk Olga tidleg. Berre 15 månadar gammal fekk ho polio, og ho har sidan slite med ein fot, fortel Gullaksen. Ho har kjent jubilanten heile livet, og har eit nært forhold til henne.

– Olga har arbeidd mykje. Først var ho på Mongstad på brislingfabrikken, i tillegg til at ho hadde ei gammal bestemor å ta seg av heime. Mora jobba på sildesalting, fortel Gullaksen vidare. I 1953 fekk Olga seg arbeid heime på Fedje, på Bjelland-fabrikken.

Sydde brudekjolen

Ved sida av har ho vore ei dyktig sydame. Og ho har sydd mykje.

– I 1943 sydde ho konfirmasjonskjolen min. Og seks år seinare brudekjolen. Eit heilt perfekt arbeid, fortel Margot Gullaksen.

Då ho vart eldre byrja jubilanten og å interessera seg for hekling.

– Olga har vore mykje hjå oss før ho kom på sjukeheimen. Ho har bursdag same dagen som mannen min, og dei har gjerne feira i lag, seier Margot.

LES OGSÅ: Hylla 100-åring og krigshelt

Duken på vranga

Ho fortel at Olga ein dag kom med ein hekla duk som ho hadde gjort ferdig, og som ho spurte Margot om ho kunne dampa ut for henne.

– Det kunne eg sjølvsagt, og då eg var ferdig med arbeidet, sa ho at eg like gjerne kunne legga den på salongbordet, for den var til oss, seier ho.

– Arbeidet var så fint, at eg sleit lenge med å finna ut kva som var retta. Trur du ikkje eg likevel greidde å legga den på vranga. Eg såg ikkje forskjellen, med Olga såg det med ein gong, seier ho.

Klart minne

Margot går på besøk til Olga på sjukeheimen eit par gonger for veka.

– Ho ligg for det meste no, men er krystallklar i hovudet, seier Margot som syntest det var naturleg å gjera litt stas på jubilanten på den store dagen.

– Staseleg feiring av flotte Olga sin 100 års dag i dag.

– Gode Margot og familien hadde laga flott selskap, helsar ordførar Kristin Handeland på Facebook.

LES OGSÅ: John (snart 100) fornya nyleg førarkortet

Artikkeltags