...
GAME OVER: Både NBK sitt A-lag, her representert ved Geir Atle Osa (t.v.), NBK sitt B-lag, her representert ved Børge Sellevoll og ENK, her representert ved Linda Helgesen rykkjer ned denne sesongen.

Alle Knarvik-laga rykkjer ned

Marerittsesong for seniorfortballen i Knarvik.

Endre Hopland
Endre Hopland Profil E-post
Publisert 11.10.2010 kl 13:28 Oppdatert 15.10.2010 kl 09:55

Tips ein venn på e-post:

Kampfakta:

  • 3. divisjon menn, avdeling 14: NBK – Vestsiden-Askøy 5-7 (2-2)
  • Mål NBK: 1-0 Yngve Njøten (8), 2-1 Alexander Vågenes (31), 3-2 Njøten (58), 4-4 Vågenes (73), 5-7 sjølvmål (90)
  • 3. divisjon kvinner: ENK – Hald 3-3 (2-0)
  • Mål ENK: 1-0 Katrine Hansen, 2-0 Linda Helgesen, 3-0 Hansen, 3-1, 3-2, 3-3
  • 5. divisjon menn, avdeling 2: Floppen - NBK2 9-1 (1-0)
  • Mål NBK2: 4-1 Børge Sellevoll (65)

Omtalte lag og spillere


NBK hadde i det lengste eit håp om å verta eit av dei beste sjuarlaga i dei 24 3. divisjonsavdelingane i landet, noko som kunne gitt fornya kontrakt.

Det håpet vart knust i 5-7-tapet mot Vestsiden-Askøy i Knarvik lørdag.

I det som etter kvart utvikla seg til å verta ein merkeleg fotballkamp var det NBK som kom best i gang, men som ikkje klarte å stå distansen.

Gjestane skåra på bestilling i slutten av andre omgang, og tok til slutt tre poeng med eit skikkeleg hockeyresultat.

NBK ligg tredje sist på tabellen når ein serierunde står att. Laget kan maksimalt hamna på 8. plass.

Norges Fotballforbund har som kjend bestemt at 3. divisjonsavdelingane på landsbasis skal slankast frå 24 til 12 for å betra kvaliteten i divisjonen.

Dermed rykkjer seks lag ned frå kvar avdeling denne sesongen.

NBK er med andre ord klare for 4. divisjon.

NBK2 til 6. divisjon

NBK sine nest beste fekk ein liten opptur med 11-1-sigeren over Baune2 i midtveka, men i helga var det tilbake til gamle synder då laget møtte Floppen.

NBK2 spelte bra i første omgang, men måtte tola å ligga under 1-0. Etter kvilen var det heimelaget som kjørte frå start til mål, og skåra ytterlegare åtte gongar.

Børge Sellevoll sytte for eit trøystemål innimellom alle måla til Floppen, men det var aldri nokon tvil om kvar poenga skulle hamna.

NBK2 har slite botnen av 5. divisjon, avdeling 2 store delar av sesongen, og det har lagt i korta at laget ville rykkje ned ei god stund.

Med tapet i helga forsvann også all teori. NBK2 har heile sesongen igjennom bore preg av nye spelarsamansetjingar frå kamp til kamp.

Laget har tidvis bydd på mykje fin fotball, men ein overvekt av unge og urutinerte spelarar har vorte hardt straffa av gamle ringrevar.

- Ikkje tilfeldig

Heller ikkje på damesida har det gått vegen i Knarvik i år.

ENK, som riktig nok er eit samarbeidslag med spelarar frå Eikanger, Kvernbit og NBK, men som har heimebase i Knarvik, hadde helgas kamp mot Hald i sitt spor, men makta berre å ro i land eitt poeng.

Dermed vert det spel i 4. divisjon neste sesong, utan at ENK-trenar Marius Silseth ser på det som eit stort nederlag.

- Det har lagt litt i korta. Vi var i denne situasjonen i fjor også, og når det skjer igjen i år er det ikkje tilfeldig. Men marginane er veldig små. Vi leia 3-0 i den avgjerande kampen i helga, og det enda 3-3. Voss2 har fire mål betre målskilnad enn oss, og får no kvalikkplassen, seier Silseth.

Hovudproblemet til ENK denne sesongen er slik Silseth ser det todelt. For det første er laget hans veldig ungt, og for det andre har motstanden vorte langt betre.

- Vil rett opp igjen

- Det er nok ein kombinasjon mellom desse tinga som tar oss. Dei fleste spelarane våre spelar sin første sesong med seniorfortball, og då vil det gå i bølgjedalar. Kanskje vi burde vore meir kyniske og spelt langt innimellom, men vi prøvar å spela fotball langs bakken heile vegen.

- I tillegg gir tabellen og resultata ein del klare svar. Alle laga spelar jamt med kvarandre, og det er få store tap. Nivået er rett og slett betre enn tidlegare. Vi spelte for eksempel heilt jamt med dei to topplaga, seier Silseth til Nh.

Neste år er allereie under planlegging, og ENK-trenaren ser lyst på 2011.

- Vi har ein fin generasjon her, og det er berre to spelarar som vert ferdig med vidaregåande i løpet av neste sesong. Gjengen er stabil, og det ser ut til at alle vert med vidare. Vi kjem ikkje til å gå ned på treningsmengde eller satsing, og har ei klar målsetjing om å rykka opp igjen i 2011, seier han.

Sjekk våre tilbod og finn ut kva abonnement som passar for deg

500 - Internal server error

Error message:
Transformation ended in error for request URI: /componada/component/show-esi/normal/football/magic/www.nordhordland.no/219232/5342510/2010-10-15T09:55:23Z when using style sheet component_xhtml2html.xsl. Masked exception is:
Problem transforming sheet: jar:file:/var/jetty/componada/Jetty_0_0_0_0_9002_componada.webapp.war__componada.webapp__.bdff6g/webapp/WEB-INF/lib/componada-xslt-1.208.jar!/xslt/component_xhtml2html.xsl

root cause:
org.xml.sax.SAXParseException: A DOCTYPE is not allowed in content.

, group
X-Trace-App: [componada ; tupplur.api.kunder.linpro.no ; Thu May 17 07:08:36 CEST 2012] X-Trace-App: [corredor ; grundtal.api.kunder.linpro.no ; Thu May 17 07:08:36 CEST 2012]

Mest lese no

...

Fire bilar i kjedekollisjon

Nyhende Smell på Haglsundbrua. Les meir

...

Situasjonen alvorleg for raffineriet

Nyhende Regjeringa informerer Stortinget. Les meir

...

Anna får ein tryggare kvardag

Lindås Lindås kommune er med i eit pionerprosjekt for eldre som bur heime. Les meir


Avisa Nordhordland

Kvernhusmyrane 29, 5914 ISDALSTØ
Tlf 56355555, telefaks: 56355556
Webansvarlig: Endre Hopland
Ansvarlig redaktør: Randi Bjørlo

Nasjonalbiblioteket

Vi gjer merksam på at denne nettavisa blir samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig. Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.