...
STOR NEDRYKKSFARE: NBK, her representert ved Steinar Kristiansen, må kjempa hardt for å halda seg på øvre halvdel av tabellen i år. Heile seks lag rykkjer ned frå 3. divisjon. Det same gjeld for Austrheim/Lindås og Radøy/Manger i 4. divisjon.

Nedrykk for halve 3.- og 4. divisjon

3. divisjon skal slankast.

Siste frå Origo

Avisa for distriktet

...

Prøv nh gratis!

...

NH mobiloppsett

Endre Hopland E-post
Publisert 10.03.2010 kl 09:40 Oppdatert 10.03.2010 kl 09:40

Tips ein venn på e-post:

Årets sesong vert viktigare enn nokon gong i 3.- og 4. divisjon. Avdelingane skal nemleg slankast noko ganske så dramatisk, og verkemiddelet er nedrykk for halvparten av laga.

- Når slike tiltak vert sett i verk vil det alltid vera dramatisk det første året, men slik må det nesten verta, seier dagleg leiar i Hordaland Fotballkrets, Knut Berge, til Nh.

Det er fleire år sidan Fotballtinget kom fram til at det var for mange lag i 3. divisjon i Norge, men først framfor årets ting vart saka skikkeleg utreia i ein eigen komité.

Fotballtinget slutta seg til tilrådinga om å kutta ned på avdelingane med verknad frå og med 2011-sesongen.

I klartekst vil det seia at alle 3. divisjonslag som hamnar på 7. plass eller dårlegare i 2010-sesongen rykkjer ned til 4. divisjon.

Det same gjeld i 4. divisjon. I 5.- og 6. divisjon vert det frå og med 2011-sesongen nok ei avdeling lokalt, slik at den nye ordninga ikkje får særlege konsekvensar for desse divisjonane.

- Auka sportsleg nivå

- Det er to hovudgrunnar til at dette vert gjort. Den eine er å sikra eit kvalifiseringsfritt opprykkssystem. No vil nemleg avdelingsvinnarane i 3. divisjon rykka direkte opp utan å spela kvalifisering. Den andre grunnen er rett og slett å heva det sportslege nivået i 3. divisjon og 4. divisjon, seier Berge til Nh.

Frå og med 2011-sesongen kjem 5. divisjon i Hordaland til å bestå av 36 lag, mot dagens 24. Desse vert fordelt på tre avdelingar. 6. divisjon vert utvida frå 30 til 40 lag, fordelt på fire avdelingar. Korleis opp- og nedrykkssystemet vert er enno ikkje heilt avklara.

- I dei lågare divisjonane vert det nokre tilpassingar. Vi kjem med nærare detaljinformasjon om dette på eit seinare tidspunkt. Men stort sett vert det som i dag, seier Berge.

Tre lokale involvert

Dei 4. divisjonslaga som har opprykksambisjonar skal ikkje vera redde for at slikt ikkje vert mogeleg i år.

Til tross for at halve 3. divisjon rykkjer ned, vil avdelingsvinnarane i 4. divisjon rykka opp. Andreplass er derimot ikkje godt nok i år.

Her lokalt er det tre lag som får kjenna utfordringane på kroppen, NBK i 3. divisjon og Radøy/Manger og Austrheim/Lindås i 4. divisjon.

Årets målsetjing får vera topp seks for dei alle, elles er det ein heistur ned som ventar i 2011. NBK-trenar Roger Kvande helsar grepa frå forbundet velkommen, men innrømmer at årets sesong kan verta tøff.

Kamp på kniven

- Nivået i 3. divisjon har ikkje akkurat stige dei siste åra, så reint sportsleg er dette positivt, men det byr sjølvsagt også på utfordringar, både i år og forhåpentlegvis neste år. Held vi oss i divisjonen møter vi betre motstand neste år. Spissing er nok det som må til for å få opp kvaliteten i 3. divisjon igjen. No er det i 2. divisjon det vert satsa, seier Kvande til Nh.

Kvande meiner det vert artigare for alle partar å kjempa mot så gode lag som mogeleg, men han reknar med at det også i år vert ein kamp på kniven for NBK.

- Slik skal det også vera i fotball, ein skal ikkje berre kunne spasera gjennom kampane. Då forsvinn sjarmen, seier NBK-trenaren.

Nokolunde i rute

Raudtrøyene frå Knarvik er så godt i rute som dei kan vera framfor årets sesong, men som resten av dei lokale laga har dei ikkje fått trent så mykje som ønskjeleg grunna mykje snø og kulde.

Likevel er Kvande optimist.

- Vi har trent bra inne. Det vi manglar litt på er spel på stor bane og uthald over lengre tid. Men det er no ein månad igjen til seriestart enno, seier han.

Frå i fjor har NBK mista Varg Klaveness til Øystese og Magnus Tande til Fyllingen.

Stian Midtun er tilbake igjen etter militærteneste, og Daniel Toft, som spelte siste halvdel av fjorårssesongen i Bjørn West, har også ikledd seg den raude drakta.

...

Jernbane kan bli storhamn-ess

Nyhende Frp vil knyta Nordhordland saman med landet sitt jernbanenett. Les meir

...

Fulle hus for Paus

Puls Utkant´10 er i gang. Les meir

...

Årgangs-Cola på havets botn

Meland Brus av god, gamal årgang funne på Fløksand. Les meir

Aktuelt:

Nytt liv for Gildekassar

...
...

Møtte strilar i storslått natur

Puls Randi Bjørlo nærmar seg Bodø, og møter stadig strilar på si vandring nordover.

Les meir

...

Nh på Origo

...

Nh på Facebook

Nye nordhordlendingar

Nyfødde

...
...

Alltid oppdatert på lokale nyheiter

Magasin

...

Jobbmarknaden

...

Alt om bil

På jakt etter ny bil?

...

Bilar til sals lokalt

...

Strile-meiningar

127 nordhordlendingar om mykje og mangt

Ev 16 Håbakken - Borlaug, (Stuvane - Seltun)
Redusert framkomst:
Redusert framkommelighet, stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av s...
Ev 39 Hop bru - Skjoldskiftet, (Nesttuntunnelen - Hoptunnelen)
Mellombels stengt:
Stengt på grunn av vegarbeid. Omkjøring er skiltet. Gjelder fra 26.06.2010 klok...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Stengt i korte perioder og manuell dirigering på grunn av vegarbeid i periodene...
Rv 7 Ferjesambandet Bruravik - Brimnes
Redusert framkomst:
Fergesambandet har redusert kapasitet.
Fleire meldingar Kjelde: Statens vegvesen
...

Finn fram i verda

...

Kan du kjøra bil?

Nasjonal Timesannonsering - Klikk her!
Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.