...
TRULEG LAG I 2010: Eikanger er i trening igjen, og truleg vert det meld på lag i 5. divisjon neste sesong. Richard Toft, som her er i aksjon mot halve Telavåg, leiar førebels treningane saman med Kjell Øyvind Nævdal.

Eikanger i trening igjen

Truleg lag igjen neste sesong.

Siste frå Origo

Avisa for distriktet

...

Prøv nh gratis!

...

NH mobiloppsett

Endre Hopland E-post
Publisert 27.11.2009 kl 15:03 Oppdatert 27.11.2009 kl 15:03

Tips ein venn på e-post:

OMTALTE LAG OG SPILLERE

Lag:

Eikanger

Eikanger

Mykje tydar på at Eikanger stiller A-lag i 5. divisjon neste år. Kvar onsdag er det mellom 20 og 30 på trening i Nordhordlandshallen.

- Vi har ikkje kome så langt enno at vi kan seia sikkert at det vert lag, men interessa er absolutt til stades, seier Richard Toft som inntil vidare leiar treningane saman med ein annan Eikanger-veteran, Kjell Øyvind Nævdal.

Eikanger såg seg nøydd til å trekka laget sitt frå 4. divisjon etter halvspelt serie i fjor. Dersom dei melder på seniorlag lag i seriesystemet i år, spelar dei i 5. divisjon.

Ventar dei ytterlegare eit år med å melda på lag vil laget starta heilt på botn, i 7. divisjon i 2011-sesongen.

- Det er forferdelig kjedeleg om vi må begynna heilt på nytt. Då kan det vera lenge til Eikanger får eit bra A-lag igjen, seier Toft til Nh.

20-30 på trening

Sjølv om Eikanger sitt A-lag trekte seg frå årets serie, har klubben like vel bite godt frå seg i år. Gutelaget vann serien og spelte seg heilt til kretsmeisterskapsfinalen.

Sjuarlaget på seniorsida vann også serien. Laget gjekk i tillegg sigrande ut av sin kretsmeisterskapsfinale. Det er med andre ord gode spelarar, både unge og meir rutinerte, i klubben sine rekkjer.

- Vi har absolutt moglegheit til å få eit slagkraftig lag, og optimismen er stor. No har vi vore frå nokon og 20 til rundt 30 på treningane, og veldig mange av desse er unge spelarar. Trur det er veldig viktig både for klubben og spesielt desse unge spelarane at vi har eit bra seniortilbod, seier Toft til Nh.

Solide spelarar

Richard Toft var sjølv ein av dei sentrale spelarane då Eikanger, under leiing av under Øystein Bratvold, rykka opp to divisjonar på to år, og stabiliserte seg i 4. divisjon.

Han fungerte også som spelande assistenttrenar i periodar. Om han skal ha noko trenaransvar dersom det vert lag neste sesong kan han enno ikkje seia så mykje om.

- Eg tvilar på at eg vert nokon hovudtrenar. Det har vore fleire år med veldig mykje fotball no, og det har vore godt med ein liten pause. Men eg vert kanskje med i eit trenarteam, seier midtbanekrigaren som etter alle solemerke også får med seg brørne Daniel og Ruben i spelarstallen dersom Eikanger melder på lag.

- Vert ikkje tilsett trenar

Andre spelarar som nokså sikkert er med eit eventuelt nytt Eikangerlag er Roy Ånensen og Simen Dalland som trass ung alder allereie har erfaring frå 4. divisjon.

- Robert Andvik har også sagt at han vil vera med oss. I tillegg har Christoffer Knudsen og Aleksander Hindenes frå NBK trena med oss no etter sesongen, men kva dei gjer neste sesong veit eg ikkje, fortel Toft.

Leiar i fotballgruppa i Eikanger, Svein Nesbø, håpar laget hans er med igjen i serien frå og med neste sesong, men han fortel at det vert på litt andre premissar enn tidlegare.

- Det vert ikkje tilsett nokon trenar, for det har ikkje klubben økonomi til, seier han til Nh.

Påmeldingsfrist for lag i 5. divisjon er 9. desember.

Les også:

...

Jernbane kan bli storhamn-ess

Nyhende Frp vil knyta Nordhordland saman med landet sitt jernbanenett. Les meir

...

Fulle hus for Paus

Puls Utkant´10 er i gang. Les meir

...

Årgangs-Cola på havets botn

Meland Brus av god, gamal årgang funne på Fløksand. Les meir

Aktuelt:

Nytt liv for Gildekassar

...
...

Møtte strilar i storslått natur

Puls Randi Bjørlo nærmar seg Bodø, og møter stadig strilar på si vandring nordover.

Les meir

...

Nh på Origo

...

Nh på Facebook

Nye nordhordlendingar

Nyfødde

...
...

Alltid oppdatert på lokale nyheiter

Magasin

...

Jobbmarknaden

...

Alt om bil

På jakt etter ny bil?

...

Bilar til sals lokalt

...

Strile-meiningar

127 nordhordlendingar om mykje og mangt

Ev 16 Håbakken - Borlaug, (Stuvane - Seltun)
Redusert framkomst:
Redusert framkommelighet, stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av s...
Ev 39 Hop bru - Skjoldskiftet, (Nesttuntunnelen - Hoptunnelen)
Mellombels stengt:
Stengt på grunn av vegarbeid. Omkjøring er skiltet. Gjelder fra 26.06.2010 klok...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Stengt i korte perioder og manuell dirigering på grunn av vegarbeid i periodene...
Rv 7 Ferjesambandet Bruravik - Brimnes
Redusert framkomst:
Fergesambandet har redusert kapasitet.
Fleire meldingar Kjelde: Statens vegvesen
...

Finn fram i verda

...

Kan du kjøra bil?

Nasjonal Timesannonsering - Klikk her!
Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.