Bjørn West klare for 5. divisjon. (oppdatert)
Kulturkalender | ||
Dei siste innlegga | ||
|
Arthur Kleiveland
E-post
|
|
| Publisert 02.11.2009 kl 11:59 Oppdatert 03.11.2009 kl 10:11 |
Bjørn West viste ingen nåde i opprykksfinalen mot Harding/Odda 2. Med 5-1 siger er laget med det historiske namnet klar for 5. divisjon neste sesong.
Bjørn West kaprar den fjerde og siste opprykksbilletten. Etter ein ikkje altfor velspelt 1. omgang sette ”laget frå fjorden” som så ofte før inn artilleriet i 2.omgang.
- Vi har gjerne vore litt rufsete før pause, men har kome sterkt etter kvilen. Og denne kampen berre skulle vi vinna, seier spelande hjelpetrenar Ørjan Langhelle.
Kom som eit uvêr
Etter ein temmeleg svak vårsesong såg ting mørkt ut for Bjørn West, men laget har kome som eit uvêr i haust, og kapra 19 av 24 poeng.
I helgas kamp sende Daniel Toft Bjørn West i føringa frå straffemerket vel halvvegs ut i 1. omgang, etter at Stian Rasdal hadde blitt lagt ned. Gjestane frå Odda kvitterte ti minutt seinare.
Kalddusj
Bjørn West gjorde kort prosess med tre fulltreffarar tidleg i 2. omgang. Den første skåringa sytte Stian Rasdal for, etter å ha blitt spelt fri av storebror Yngve. S
å følgde eldstemann Rasdal opp med 3-1 og 4-1.
Dermed var slaget i realiteten over, men Eivind Reikerås sette krona på verket då han raga høgast og fekk perfekt treff med hovudet etter eit hjørnespark.
Kalassigeren var eit faktum, og Jonas Pedersen kunne spretta champagnen til ellevill jubel både frå lagkameratar og supporterar.
Som lam
Gjestane frå Odda var med på notane i 1.omgang, og periodevis etter pause. Men samanlikna med BW-angrepet var Harding/Odda nærast som lam å rekna i fremste rekkje.
- Vi hadde ei knallavslutning på kampen. Sigeren kunne fort blitt endå større, seier ein tilfreds Stian Rasdal, som er klubben sin desiderte toppskårar denne sesongen.
Han synest det var på tide med opprykk, etter å kjempa i toppen i fleire sesongar.
- Veldig artig endeleg å lukkast, seier Kjartan Vik, også han med lang fartstid i Bjørn West.
Hjelpetrenar Ørjan Langhelle satsar på at flest mogleg av dagens spelarar blir med vidare.
- Så treng vi kanskje også ei og anna forsterkning, seier han.
Siste kommentarar