Seks deltakarar tok åtte medaljar

Dei seks deltakarane frå Nordhordland karateklubb forsynte seg grovt i medaljefatet under Vestlandscupen i helga. Åtte medaljar vart fasit for dei lovande utøvarane.

Publisert 04.02.2004 kl 13:18 Oppdatert 09.02.2004 kl 15:48

Tips ein venn på e-post:

...
FLOTT INNSATS: Tonje Vollset (frå venstre), Anders Husebø, Remi Rath Odland og Karina Bruvik Hella gjorde ein flott innsats i Vestlandscupen i Laksevåghallen. Marius Sjursæter og Kristine F. Alver var ikkje til stades då bildet vart tatt.

Berre to klubbar i Norge konkurrer i stilarten goju kai, Nordhordland karateklubb og Tresfjord karateklubb som ligg utanfor Ålesund. Desse to klubbane er det som kjempar mot kvarandre i dei fire rundane som Vestlandscupen strekkjer seg over.

– Vi er veldig stolte over innsatsen vår, seier Tonje, som har trena goju kai i seks-sju år. Det som er spesielt med denne stilarten fram for dei andre formene har karate er at goju kai har mjukt forsvar og hardt angrep.

I helga gjekk cupen i Laksevågshallen. Resultatet vart slik: Remi Rath Odland 2. plass fighting og 4. plass kata. Carina Bruvik Hella 1. plass kvinner open klasse fighting, Tonje Vollset 1. plass kata kvinner.

Anders Husebø 2. plass kata gutar 1988-1990. Marius Sjursæter 1. plass fighting gutar 1986-1987. Kristine F. Alver 1. plass kata jenter 1991-1995 og 2. plass fighting jenter 1991-1995.

Mest lese no

...

Fire bilar i kjedekollisjon

Nyhende Smell på Haglsundbrua. Les meir

...

Situasjonen alvorleg for raffineriet

Nyhende Regjeringa informerer Stortinget. Les meir

...

Anna får ein tryggare kvardag

Lindås Lindås kommune er med i eit pionerprosjekt for eldre som bur heime. Les meir


Avisa Nordhordland

Kvernhusmyrane 29, 5914 ISDALSTØ
Tlf 56355555, telefaks: 56355556
Webansvarlig: Endre Hopland
Ansvarlig redaktør: Randi Bjørlo

Nasjonalbiblioteket

Vi gjer merksam på at denne nettavisa blir samla inn og lagra av Nasjonalbiblioteket regelmessig. Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.