Søndag vert sesongen avslutta.
Kulturkalender | ||
Dei siste innlegga | ||
|
Endre Hopland
E-post
|
|
| Publisert 11.03.2010 kl 13:06 Oppdatert 11.03.2010 kl 13:06 |
Ein lang vinter nærmar seg slutten, og søndag går det fjerde og siste rennet i Guldbrandsøy skicup av stabelen på Gamlesætra.
Vinteren har vore usedvanleg flott for ski-entusiastane, og primus motor Gunnar Stusdal melder om framleis fine forhold på Gamlesætra.
- Føret er flott no, men det er jo vanskeleg å seia kor lenge det held seg. Renn vert det uansett, og om løypene vert for tunge får vi heller korta litt ned på dei, seier han til Nh.
Starten for siste rennet i cupen går søndag klokka 13.00.Påmeldinga skjer mellom 11.30 og 12.30. Ved målgang vert det utdeling av pokalar.
- Alle som har vore med på tre eller fleire renn i år får pokal. Vi har hatt eit snitt på 70-80 deltakarar under alle løpa i år, så vi reknar med at det vert omtrent like mange pokalar, seier Stusdal til Nh.
Guldbrandsøy skicup er for folk i alle aldrar, og lørdag er planen å laga til litt forskjellige aktivitetar i området slik at dei yngste kan sjå fram til skileik søndag.
- Vi satsar også på å få til litt grilling og kos i målområdet. Alle er hjarteleg velkomen, anten dei har vore med tidlegare eller er heilt ferske, seier Stusdal.
Siste kommentarar