Herman Tvedt (18).
Kulturkalender | ||
Dei siste innlegga | ||
|
Endre Hopland
E-post
|
|
| Publisert 10.03.2010 kl 09:42 Oppdatert 10.03.2010 kl 09:42 |
Herman Tvedt (18) frå Alversund sat i sulkyen i sine to første løp i seniorsamanheng i helga. Begge enda med siger.
Den unge kusken har kjørt aldersbestemt i eit par år allereie, men først i helga kom debuten på seniornivå, der dei beste i landet konkurrerer.
Herman, som er sonen til den profilerte kusken og trenaren Rolf Tvedt, var ikkje snauare enn at han vann begge løpa på Forus i Stavanger, landets eldste travbane der det framleis vert kjørt løp.
- Det gjekk veldig bra dette, og det er vi sjølvsagt glade for. Godt å byrja så bra, seier Herman, som ikkje har tenkt å gi seg med dei fine prestasjonane i helga.
- Nei, eg kjem til å satsa for fullt på travsporten, og så får vi håpa på det beste, seier 18-åringen til Nh.
- Berre moro
Av dei to løpa i helga heng unekteleg sigeren med hesten Global Knockout høgast. Dette var nemleg eit V75-løp.
- Han kjørte roleg og fint frå start, og 800 meter frå mål sette han full fart og sprang frå all konkurranse. Han var ti meter framfor neste hest i mål, seier kusken frå Alversund.
Det andre løpet Herman kjørte i helga gjekk utanfor V75. Her hadde han taumane til hesten Shining Lantern, og også her vart det siger.
- Hesten hadde bakspor og hamna i fjerde par innvendig. Dette gjorde at han ikkje fekk luke. Difor måtte vi heilt ut og gå forbi på utsida, forklarar Herman.
- Begge hestane var så gode at dei avgjorde enkelt. Då er det berre moro å sitja bak dei, fortel ein strålande fornøgd 18-åring.
To nye løp
Herman er oppvaksen med hest, og i tillegg til å vera kusk har faren også eigen stall både i Alversund og på Bergen Travpark.
Herman har visst lenge at det var denne vegen også han sjølv ville gå, og han er glad for å vera i gang på seniornivå.
- Dette er jo noko eg har venta på, og at det gjekk så bra i debuten gjer jo ikkje ting mykje verre akkurat, seier han og ler.
Tirsdag var Herman i aksjon igjen i Skien, og onsdag sit han med taumane på Bjerke. Utover desse to løpa har han ikkje timeplanen klekka ut.
- Vi får sjå kva framtida bringer, seier alversundingen som også har tent seg nokre kroner på hestekjøringa dei siste dagane.
- Eg får fem prosent av premiepengane, så eg klagar ikkje, seier han til Nh.
Siste kommentarar