- No samlar han eks-toppar
Kulturkalender | ||
Dei siste innlegga | ||
|
Endre Hopland
E-post
|
|
| Publisert 08.03.2010 kl 14:06 Oppdatert 08.03.2010 kl 14:06 |
Søndag vart Yngve Hallén (41) frå Alversund vald til ny president i Norges Fotballforbund. For å få dreis på det som skjer utanfor landegrensene toppar han laget rundt seg.
Etter at stemmene på Forbundstinget var tald opp like over klokka 11.00 søndag føremiddag, vart det klart at Yngve Hallén er den nye presidenten i Norges Fotballforbund.
Av 255 stemmer fekk Hallén 186, og slo såleis konkurrent Sondre Kåfjord med soleklar margin.
Men sjølv om Kåfjord vart knust i valet, er han ikkje ferdig med toppfotballen.
Saman med mellom andre ekspresident og æresmedlem i UEFA, Per Ravn Omdal og Rosenborg-sjef Nils Skutle, frontar han nemleg eit utval som skal støtta Hallén i saker på den internasjonale arenaen.
- Overveldande støtte
Også tidlegare generalsekretær i NFF, Karen Espelund, har sagt ja til å hjelpa Hallén i gang.
- Eg har stilt meg til rådigheit. Å setja seg inn i det internasjonale arbeidet krev tid, og derfor har Skutle, Per (Ravn Omdal), Sondre (Kåfjord) og eg sagt at vi skal bidra, bekrefta Espelund overfor NTB søndag ettermiddag.
Det er nettopp mangel på internasjonal erfaring som er alversundingen Yngve Hallén sin akilleshæl. No får han altså hjelp frå folk som meir enn nok å ta av.
Som Nh tidlegare har skrive var den tidlegare Sogndal-leiaren valkomiteen si innstilling til ny president for Norges Fotballforbund. Og sigeren, den vart då også nokså klar.
- Overveldande støtte. Fantastisk, sa 41-åringen til NTB mellom sigersklemmane rett etter at resultatet var klart søndag.
Utfordrande økonomi
Blant gratulantane var konkurrent Sondre Kåfjord.
- At han kom rett opp til meg sette eg stor pris på. No føler eg meg stolt, klar og motivert for å gå laus på oppgåva, sa Hallén.
Førebels kan ikkje den nyvalde presidenten seia så mykje om framtida til Norsk fotball.
- Eg vil ikkje seia noko om konkrete planar i forhold til det Kåfjord gjorde, men i desse tider er økonomien blant dei største utfordringane. Vi har mange planar å legga, sa Hallén etter at han igjen hadde fått igjen kvilepulsen.
Siste kommentarar