...
SNART PRESIDENT: Yngve Hallén frå Alversund er sikker på at presidentvervet i Norsk Fotball er hans frå og med neste veke. (Foto: Firda)

Sikker på presidentvervet

Yngve Hallén frå Alversund.

Siste frå Origo

Avisa for distriktet

...

Prøv nh gratis!

...

NH mobiloppsett

Endre Hopland Rune Ulvik, BA
Publisert 02.03.2010 kl 15:36 Oppdatert 03.03.2010 kl 08:28

Tips ein venn på e-post:

- Eg har større gjennomslagskraft og er flinkare å kommunisera, seier fotballpresidentkandidat Yngve Hallén frå Alversund før fotballtinget til helga.

Allereie før han gjekk inn døra til sitt første møte med valkomiteen i september hadde Yngve Hallén bestemt seg. Han ville ha vervet som fotballpresident.

Nesten like lenge har han vore sikker på at han kjem til å få dette vervet, tiltross for at den sitjande presidenten, Sondre Kårfjord, har relansert seg sjølv som kandidat.

- Eg seier med rimeleg tryggleik at eg er fotballpresident frå 7. mars, seier Hallén.

Faktisk er han så sikker at han allereie har slutta i jobben som dagleg leiar i Sogndal. No ventar større oppgåver som øvstkommanderande i norsk fotball.

Headhunta av valkomiteen

Hadde det ikkje vorte slik, hadde Hallén truleg gitt seg med all fotball.

- Eg tenkte at eg ikkje ville vera dagleg leiar i Sogndal heile livet, og hadde ein plan oppe i hovudet mitt om å gjera noko anna frå 2012, seier han.

Akkurat kva det skulle vera hadde han ikkje bestemt seg for.

- Eg hadde ikkje sett på jobbannonser, valkomiteen for fotballtinget kom meg i forkjøpet, gliser den utflytta alversundingen som er son av forfattaren Arnold Hallén.

Ein kamp for NBK

Yngve Hallén vart aldri nokon stor idrettsutøvar sjølv. Han har ein obligatorisk kamp for NBK sitt A-lag. Laget skulle reisa klokka kvart på ni, og halv ni fekk han telefon med beskjed om å stilla. Alle dei andre spelarane var reist vekk.

Men sjølv om fotballkarrieren aldri tok heilt av, er det innan fotballen Hallén har gjort karriere.

Han valde å ta lærarutdanninga si i Sogndal framfor Bergen eller Volda, og dette skulle visa seg å vera eit svært klokt val.

I 1995 vart han med i støtteapparatet rundt Sogndal Fotball, og her vart han verande.

Foreina topp og breidde

No, 15 år seinare, meiner Yngve Hallén at det er nettopp det at han har sin bakgrunn frå ein fotballklubb frå ein liten tettstad som gjer han så godt eigna til å vera sjef for norsk fotball og bestemma over både landslag og breidde.

- Sogndal har litt over 3000 innbyggjarar. Vi skulle ikkje hatt eit lag i 1. divisjon, og vi skulle i alle fall ikkje hatt eit eliteserielag. Å utvikla ein toppkultur der ville vore heilt umogeleg utan å foreina breidden, seier Hallén.

Det å kunne foreina topp og breidde synest Hallén er viktig for ein fotballpresident.

Vil vera synleg

- Mykje av jobben handlar om det. Min sterkaste, personlege eigenskap er å kunne halda dialog med alle, og få andre til å snakka med kvarandre. Vi er nøydd å skapa forankring for tinga vi vil gjennomføra, seier han.

Dette betyr å skapa brei semje om dei sakene forbundet ønskjer å flagga.

For flagga, det har Hallén tenkt å gjera når han vert fotballpresident. Han vil vera meir synleg enn sin forgjengar.

- Ikkje eit vondt ord om Mini og Rekdal, men det er synd om dei saman med Davy Vathne skal kjøra heile debatten rundt norsk fotball, seier han.

...

Jernbane kan bli storhamn-ess

Nyhende Frp vil knyta Nordhordland saman med landet sitt jernbanenett. Les meir

...

Fulle hus for Paus

Puls Utkant´10 er i gang. Les meir

...

Årgangs-Cola på havets botn

Meland Brus av god, gamal årgang funne på Fløksand. Les meir

Aktuelt:

Nytt liv for Gildekassar

...
...

Møtte strilar i storslått natur

Puls Randi Bjørlo nærmar seg Bodø, og møter stadig strilar på si vandring nordover.

Les meir

...

Nh på Origo

...

Nh på Facebook

Nye nordhordlendingar

Nyfødde

...
...

Alltid oppdatert på lokale nyheiter

Magasin

...

Jobbmarknaden

...

Alt om bil

På jakt etter ny bil?

...

Bilar til sals lokalt

...

Strile-meiningar

127 nordhordlendingar om mykje og mangt

Ev 16 Håbakken - Borlaug, (Stuvane - Seltun)
Redusert framkomst:
Redusert framkommelighet, stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av s...
Ev 39 Hop bru - Skjoldskiftet, (Nesttuntunnelen - Hoptunnelen)
Mellombels stengt:
Stengt på grunn av vegarbeid. Omkjøring er skiltet. Gjelder fra 26.06.2010 klok...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Stengt i korte perioder og manuell dirigering på grunn av vegarbeid i periodene...
Rv 7 Ferjesambandet Bruravik - Brimnes
Redusert framkomst:
Fergesambandet har redusert kapasitet.
Fleire meldingar Kjelde: Statens vegvesen
...

Finn fram i verda

...

Kan du kjøra bil?

Nasjonal Timesannonsering - Klikk her!
Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.