...
LINDÅSMEISTERSKAPET: LM på ski blir arrangert i Hopsdalsløypene i morgon. Det blir meldt om flotte forhold. (Foto: Endre Hopland)

Flotte forhold for LM på ski

Søndag brakar det laus.

Siste frå Origo

Avisa for distriktet

...

Prøv nh gratis!

...

NH mobiloppsett

Arthur Kleiveland E-post
Publisert 19.02.2010 kl 14:07 Oppdatert 19.02.2010 kl 14:16

Tips ein venn på e-post:

Det blir meldt om knallflotte forhold i Hopsdal-løypene framfor Lindåsmeisterskapet i morgon.

Etter ein vinter vi må svært mange år tilbake for å finna maken til, har skiinteressa både mellom nye rekruttar og gamle travarar blomstra for fullt.

- No håpar vi at svært mange blir med og gjer Lindåsmeisterskapet til ein skikkeleg fest, seier Steinar Mørch i arrangørstaben.

Blir flytta

Arrangørane tar ikkje sjansen på å avvikla vinterens vakraste eventyr i Dyrkolbotn, og difor er Lindåsmeisterskapet i år flytta til Hopsdal.

- Det ligg eit tjukt lag av sørpe og overvatn under snøen på vatnet i Dyrkolbotn. Staven blir rett og slett hengande igjen. Også av omsyn til sikkerheit har vi flytta arrangementet i år, seier Mørch.

Han kan frista med eventyrlege forhold – rikeleg med snø og flotte spor.

- Arrangementet er tilrettelagt for at også dei aller yngste skirekruttane kan vera med ei kilometer lang løype.

Claus i storform

Det store spørsmålet er om nokon kan ta kampen opp med Claus Sellevoll.

37-åringen ser ut til å vera i sitt livs form, og har vist ryggen til konkurrentane også i kretsrenn denne vinteren.

Det kan bli ein spennande duell dersom Jo Harald Færø stiller til start, eller kanskje broder Halfdan Emil kan ta kampen opp.

I kvinneklassen har Hege Brekke vist seg som den raskaste så langt i vinter.

Einvegskjørt

Det er tilrettelagt med parkeringsplassar utover marka på Hopsdal. Men det kan bli ein smule kaos langs Hopsdalsvegen fram mot rennet.

- Difor håpar vi på ”einvegskjøring” i tidsrommet 10.-12.00 i morgon. Skal noko ned igjen før rennet er i gang, kan det bety kork, seier Steinar Mørch.

...

Jernbane kan bli storhamn-ess

Nyhende Frp vil knyta Nordhordland saman med landet sitt jernbanenett. Les meir

...

Fulle hus for Paus

Puls Utkant´10 er i gang. Les meir

...

Årgangs-Cola på havets botn

Meland Brus av god, gamal årgang funne på Fløksand. Les meir

Aktuelt:

Nytt liv for Gildekassar

...
...

Møtte strilar i storslått natur

Puls Randi Bjørlo nærmar seg Bodø, og møter stadig strilar på si vandring nordover.

Les meir

...

Nh på Origo

...

Nh på Facebook

Nye nordhordlendingar

Nyfødde

...
...

Alltid oppdatert på lokale nyheiter

Magasin

...

Jobbmarknaden

...

Alt om bil

På jakt etter ny bil?

...

Bilar til sals lokalt

...

Strile-meiningar

127 nordhordlendingar om mykje og mangt

Ev 16 Håbakken - Borlaug, (Stuvane - Seltun)
Redusert framkomst:
Redusert framkommelighet, stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av s...
Ev 39 Hop bru - Skjoldskiftet, (Nesttuntunnelen - Hoptunnelen)
Mellombels stengt:
Stengt på grunn av vegarbeid. Omkjøring er skiltet. Gjelder fra 26.06.2010 klok...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Kan bli stengt i perioder på inntil 30 minutter på grunn av vegarbeid i periode...
Ev 39 Nordfjordeid - Lote ferjekai (Lote tunnel)
Redusert framkomst:
Stengt i korte perioder og manuell dirigering på grunn av vegarbeid i periodene...
Rv 7 Ferjesambandet Bruravik - Brimnes
Redusert framkomst:
Fergesambandet har redusert kapasitet.
Fleire meldingar Kjelde: Statens vegvesen
...

Finn fram i verda

...

Kan du kjøra bil?

Nasjonal Timesannonsering - Klikk her!
Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.